Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
To hender som holder på et øre

Øyre-nase-halsavdelinga

Øyre-nase-halsavdelinga behandlar pasientar med sjukdomar, skadar og anomaliar innan øyre-, nase-, halsregionen. Barn blir behandla i Glasblokkene, vaksne i Sentralblokka. I tillegg finn du Søvnpoloklinikken i Gamle hovedbygg.

Hode/hals

Hode/hals seksjonen tilbyr behandling og oppfølging av pasientar med kreft, benigne oppfylningar i hode/hals, samt laryngologi. Mange av dei inneliggande pasientane tilhøyrer denne seksjonen. 

Øyre

Øyreseksjonen tar seg av høyrselsrelaterte problemstillingar, pasientar med svimmelhet, høyresentralen og øyreoperasjonar. Balanselaboratoriet høyrer også til under øyreseksjonen. 

Nese/bihule

Nese/bihuleseksjonen tar seg av nese/bihuleprobkematikk og ansiktsfrakturer. Seksjonen har ansvar for utredning av søvnpasientar. 

Barn

Poliklinisk og operativ behandling av barn og unge (<18 år) ligg i Barne- og ungdomsklinikken i Glasblokkene. Her behandlar vi mange diagnosar, frå obstruktive plagar, høyrselsnedsettelse, kul på halsen, nese- og bihuleplagar og stemmevanskar. 

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag - Søndag STENGT

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Høyresentralen, Poliklinikk, Dagkirurgisk eining (DKE) og Balanselaboratoriet (Nasjonal kompetansetjeneste for vestibulære sjukdomar) ligg alle i 2. etasje i Sentralblokka. 

Avdelinga har også sengepostar i 5. etasje i Sentralblokka.

Alle under 18 år møter i Barne- og ungdomssjukehuset i Glasblokkene 

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Bygning med store glassflater

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen