Prosjektet for utgreiing av pasientar med kjeveproblem (TMD) er avslutta

Årsaka er at det ikkje lenger er bevilga midler over statsbudsjettet til TMD-prosjektet. I staden er det oppretta ei nasjonal behandlingsteneste for uavklarte smerte i ansikt og kjever. Denne tenesta inkluderer også pasienter med TMD.

Tilvisinga til den nasjonale behandlingstenesta er no slik:

  • Primærhelsetjenesta (fastlege, tannlege, andre) tilviser pasienten til spesialisthelsetenesta (det vil sei det lokale helseføretaket)  
  • Det lokale helseføretaket vurderer og behandlar eventuelt pasienten
  • Dersom det lokale helseføretaket sine tiltak ikkje fører fram, eller at det manglar kompetanse, tilviser helseføretaket til den nasjonale behandlingstenesta. 

Den nasjonale behandlingstenesta tar ikkje imot tilvisingar frå primærhelsetenesta.  

Dersom pasienten ønsker tilvising til Haukeland universitetssjukehus basert på retten til fritt behandlingsvalg, skal tilvisinga sendast til kjevekirurgisk avdeling.

Pasienten må gjerast oppmerksam på at dette medfører ei økt eigenandel på reisa. Videre vil utredning og eventuell behandling skje ved kjevekirurgens ordinære behandlingstilbod, før det eventuelt vert vurdert om pasienten skal tilvisast til den nasjonale behandlingstenesta.