Pasientar med langvarige eller intense smerter i ansikt og kjevar har ofte følgjetilstandar som forverrar og held ved like symptoma. Ei lita gruppe pasientar vil ha behov for meir omfattande og spesialisert tverrfagleg utgreiing og behandling. Tilbodet omfattar eit tverrfagleg samarbeid mellom smertemedisinsk og odontologisk kompetanse.
Tilvising
Kven kan tilvise
-Behandlar ved lokale helseføretak/sjukehus (ikkje direkte frå fastlege eller tannlege)
Kven kan bli tilvist
- Pasientar må vere 18 år eller eldre.
- Smerteplagene må ha vart i minst 6 månader.
- Pasientar med smertetilstander som har kjent diagnose (for eksempel trigeminusnevralgi) skal ikkje tilvisast her.
- Eventuell anna utgreiing eller behandlingstiltak som er under utprøving skal vere avslutta før kompetansesenteret tar imot pasienten.
Tilvising ved fritt behandlingsval
Dersom pasienten ønskjer tilvising til Haukeland universitetssjukehus basert på retten til fritt behandlingsval, skal tilvising sendast til Kjevekirurgisk avdeling.
Pasienten må gjerast merksam på at dette medfører auka eigendel på reisa ti sjukehuset. Utgreiing og eventuell behandling av desse pasientane vil gå føre seg i det ordinære behandlingstilbodet ved Kjevekirurgisk avdeling. Her vil det bli vurdert om pasienten skal tilvisast vidare til den nasjonale behandlingstenesta.
Tilvising bør innehalde
• Framstilling av smertetilstand
• Sjukehistorie
• Oppdatert medikamentliste.
• Tidlegare og pågåande ikkje-medikamentell behandling og effekt av dette
• Pasientens motivasjon for å bli tilvist
• Psykososiale forhold, inkludert nettverk og omsorgsoppgåver
• Eventuelle pågåande eller avslutta erstatningssak pga aktuell tilstand
• Fysisk og sosialt funksjonsnivå
• Det vil være en fordel om det er lagt ved tidlegare journalnotat og eit sammendrag ved langvarige, kompliserte tilstandar. Ønskjer kopi av relevant epikrise.
Vurdering av tilvising:
Tilvisinga blir som regel vurdert ukentleg (onsdagar) på eit tverrfagleg inntaksmøte. Pasient og tilvisar vil motta eit brev når tilvisinga er behandla.
Tilvising sendast til
Haukeland universitetssjukehus
Kjevekirurgisk poliklinikk
Nasjonal behandlingsteneste for uavklarte smerter i ansikt og kjeve
Postboks 1400
5021 Bergen
Utgreiing og oppfølging
Utgreiing inneber vanlegvis fire besøk fordelt over tre til fire veker og kan omfatte bildediagnostikk, blodprøvar, konsultasjonar med kjevekirurg, bittfysiolog, smertelege, fysioterapeut og smertepsykolog. Andre behandlarar/spesialistar blir kalla inn etter behov.
Utgreiing avsluttast med ein oppsummerande samtale med pasienten og dei som har gjennomført utgreiinga. Pasienten vil da bli presentert for kompetansesenteret sine funn og vurderingar, og saman med pasienten vil vi komme fram til ein plan for ulike tiltak.
Oppfølging
Så langt som mogleg nyttar vi ulike behandlingstilbod i nærleiken av eigen bustad og du kan få tilvising til aktuelle behandlarar nær heimplassen. Vi kan også tilby behandling ved Haukeland universitetssjukehus dersom du ønsker det. Oppfølging av behandlinga vil foregå i behandlingstjenesten. Omlag 6 månader etter utgreiing vil du få tilbod om ein oppfølgingssamtale pr. telefon med en av behandlarane ved kompetansesenteret.
Resultatmål og kvalitetssystem
Kvalitetssystem (pdf)
Resultatmål for NBT (pdf)