Informasjon til pasientar etter operasjon i kjeven
Kvifor bruk av strikk?
På grunn av kjevebrot, større kjeveoperasjonar eller rekonstruktiv kirurgi må kjevane dine vere i ro slik at ein får eit optimalt bitt. Det kan vere utfordrande å gå med strikk over ei lengre periode, men etter nokre dagar vil ein vere relativt uaffisert.
Dersom gummistrikkane slitnar, kan du fint plassere nye strikk på. Det kan då vere lurt å ta bilete av seg sjølv på førehand slik at ein ser kvar strikkane er plasserte. Ved måltid og tannpuss kan du vere utan strikk.
Dei fleste kjevebrot treng 4-6 veker for å gro.
Kosthald
Rikeleg og tilstrekkeleg næring er viktig. Like etter ein operasjon treng kroppen næringsrik mat.
- Ved gape- og eller tyggeproblem, et mjuk eller mosa mat dei første vekene.
- Skyll ofte munnen med reint vatn etter måltid, dette løyser opp mat som sit fast i reguleringa.
- Blir du kvalm, legg deg på sida. Kvalmen vil då som oftast gå over. Du kan ved utskriving få resept på kvalmestillande.
- Du bør vere varsam med inntak av alkohol medan kjeven gror, då dette kan føre til kvalme og oppkast, særleg i samband med smertestillande.
- Unngå røyking og snus den første tida.
Munnhygiene
Det er svært viktig å passe på munnhygienen. Dette for å hindre infeksjonar i slimhinner eller tannkjøt.
- Puss tenner som vanleg, unngå tannpuss i operasjonsområdet den første veka. Bruk bakteriedrepande munnskyljemiddel (Paroex eller Corsodyl) morgon og kveld etter tannpuss i ei veke etter operasjonen.
- Då du ikkje kan slikke på leppene dine, kan desse lett bli tørre. Smør leppene ofte med salve eller liknande.
Smerter
Smerte og ubehag er vanlig ei tid etter ein kjeveoperasjon.
- Ved utskriving vil du ha behov for smertelindring i form av tablettar, brusetablett eller stikkpiller.
- Vidare er det vanlig å ha begrensa gapeevne.
- Det kan og vere at nerven i kjeven er skada, og du vil då oppleve nummenheit og nedsatt kjensle i andletet. Dette kan vere forbigåande eller varig, avhengig av skaden.
HEVELSE
- Hevelse etter operasjonen er vanleg og er gjerne på topp etter 2-3 dagar. Hevelsen forsvinn vanlegvis etter 1-2 veker.
- Blåmerker kan nokon gonger oppstå etter operasjonar. Dette er ufarleg og vil forsvinne av seg sjølv.
- Pasientar som vert operert i overkjeven, vert som regel tette i nasa grunna blodkoaglar. Dette er ikkje farleg. Saltvatnspray kan du bruke for å løyse opp blodkoagel i nasa.
- Den fyrste tida vert du anbefalt å ikkje snyte deg/pusse nasen.
Aktivitet
- Unngå tunge løft eller hard fysisk aktivitet og liknande dei første 2- 3 vekene etter operasjonen. Dette kan lett føre til ekstra belastning for kjeven.
- Beskytt operasjonsområdet mot støt og traume i disse 6 vekene.
Har du spørsmål eller problem etter operasjonen?
Da kan du henvende deg til:
Kjevekirurgisk poliklinikk (dagtid)Tlf. 55972850
Etter kl. 16:00 eller i helger, ta kontakt med sengepost: Tlf.55973515
Tannlegevakten i Bergen kan også kontaktes: Tlf. 55568717