Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kjeve- og tannoperasjon

Førebuing før operasjon i narkose

Her finn du informasjon om førebuingar du må gjere før operasjon i narkose.

Før du møter til operasjon, er det førebuingar du må gjere:

  • Du fastar frå midnatt kl. 24.00. 
  • Du dusjar og vaskar håret før du kjem til sjukehuset.
  • Dersom du har skjegg, må dette fjernast. Anestesilegen må kunne halde ei pustemaske over munn og hake utan å ha luftlekkaskje.
  • Vi dekker sterilt rundt operasjonsområdet og bruker papirtape.
  • Ikkje ta på hudkrem eller sminke.
  • Du pusser tenner som vanleg.
  • Du møter kl. 06.00 operasjonsdagen på Hode Hals Øye sengepost, 5.etasje i Sentralblokka. Ta heis ved apoteket i 0. etasje.
  • Dersom du er forkjølet, bør innlegging utsetjast. Ver vennleg og gi oss snarleg beskjed om dette.

Pårørande kan følge pasient til sjukehuset, men kan ikkje opphalde seg med pasient på fleirsengsrom. Pasient og pårørande kan opphalde seg på korridor eller på venterommet. Pårørande kan følge med til mottaksareal på operasjonsavdelinga og må forlate pasienten her.

Kva tar du med av personlege eigendelar?

Ta med deg det du treng for éi overnatting som toalettsakar, innesko, klede som er beghageleg å ha på seg, ladeledning, telefon o.l.

Ikkje ta med ting av verdi. Sjukehuset kan ikke påta seg ansvaret for verdisaker.

Etter operasjon

Visittid for pårørande på Hode Hals Øye sengepost, er frå kl. 17-20 alle dagar. Det er viktig at dette overhaldast.

Sist oppdatert 12.03.2024