Dei fleste pasientane er vaksne coronarsjuke pasienter med behov for bypassoperasjon, og/eller ventiloperasjon. Pasienter med thoracale anurismer som må opererast høyrer også til under vår seksjon i den postoperative fasen.
Når dei hjerteopererte pasientane kjem til oss etter operasjon, er dei framleis i narkose og er respiratoravhengige. Dei kan vere ustabile dei første timane, og blir overvaka kontinuerleg til neste dag.
Pasientene vakner etterkvart, puster sjølv og respiratoren blir kopla fra. Om alt er ukomplisert og pasienten er stabil, blir ein flytta til Hjerteavdelinga post 4, første dag etter operasjonen mellom kl 10.00 og 11.00.
Lunge/thorax operasjonspasientane blir også overvaka kontinuerleg etter operasjonen . Etter nokre timar blir dei henta av personale frå Hjerte post 4.
Å jobbe i seksjonen
Arbeidsmiljøet er godt og seksjonen har lav turnover.
Seksjonen har kollegastøtteordning med frivillige månedlege samlingar for personalet. Det er stor vilje til fleksibilitet i personalet og når vi har et reelt overskudd av personale hjelper vi hverandre på tvers av seksjonane.
Seksjonsleiarane møtes dagleg og er behjelpelig med kvarandres driftsituasjon.Postoperativ thorax har også eit tett samarbeid med Thorax seksjon på SOP og hjerte post 4 gjennom dagleg kontakt/morgonmøte og samarbeidsmøte hver 14. dag.
Seksjonen har personalmøter for sjukekepleiarane kvar uke. Postoperativ thorax seksjon har ”eigne” anestesileger med spesialkompetanse innan feltet. Dei 7 legane går i todelt bakvaktordning og ein av anestesilegane er til einkvar tid tilgjengelig for seksjonen på dagtid.Vi tek imot studentar på vidareutdanning Intensiv sjukepleie. Studentane er på seksjonen 1-2 veker.
Nytilsette sjukepleiarar får primærkontakt dei første 2 mnd. Det haldast nytilsettsamtale etter 1 mnd der den tilsette og seksjonen blir evaluert.