Ved Postoperativ seksjon har vi ei stor fagleg breidde. I forhold til dei fleste andre avdelingar oppnår ein å bli generalist med stor grad av breiddekompetanse ved at ein rullerer inne i avdelinga. Vi er ein dynamisk seksjon med høg grad av fleksibilitet, og med eit positivt og godt arbeidsmiljø.
Ledige stillingar
Vi treng intensivsjukepleiarar og sjukepleiarar med relevant erfaring.
Aktuelle pasientgrupper
- Alle som har vore gjennom planlagde og akutte operasjonar, unntatt open hjertekirurgi og planlagd lungekirurgi.
- Trafikkulukker og andre ulukker som treng observasjon.
- Pasientar som har vore til undersøkingar eller små enkle inngrep i narkose.
- Intensivpasientar.
- Pasientar som har vore gjennom operative inngrep eller anna behandling ved Radiologisk avdeling, som til dømes intraarteriell Actilyse-behandling eller coiling av intracerebrale aneurysmer.
Dei vanlegaste pasientgruppene er: gastrokirurgi (mage-tarm), karkirurgi, nevrokirurgi, endokrin-kirurgi, urologi, ortopedi, øyre-nase-halskirurgi, barnekirurgi, plastikk- og kjevekirurgi og lungekirurgi (øyeblikkeleg hjelp).
Pasientane er i alle aldersgrupper, og får ulike typar anestesi: Generell anestesi, TIVA (total intravenøs anestesi), spinal- og epiduralanestesi, regionalanestesi og sedasjon.
Liggetida varierer frå nokon timer til fleire døgn. Ved behov for intensivbehandling over 24 timar blir det vurdert overflytting til Intensivmedisinsk seksjon.
Besøk/ kontakt med pasient
På grunn av omsynet til pasientane, kan vi berre tillate besøk i spesielle tilfelle. Barn får ha med følgje av foreldre/ føresette, og pasientar med psykisk utviklingshemming får ha med følgje.
Ved plutselige hendingar, ulukker og traumar, og ved intensivbehandling, får pårørande besøke pasienten. Vi har også trådlause telefoner, som pasienten kan bruke for kontakt med pårørande. Ring eit av telefonnumra ovafor for nærmare avtale om besøk, eller for kontakt via trådlaus telefon.
Fagutvikling
Vi har 3 fagsjukepleiar i 50 % stillinger. Det har vore gjennomført eit forskingsprosjekt på seksjonen. Dei tilsette har fire fagutviklingsdagar per år i sin turnus, der dei bruker ein stor del av tida til sertifisering i forhold til medisinsk teknisk utstyr og medikamentregning.
Vi har eit høgt fagleg nivå som mål, med stor vekt på kvalitet og sikkerheit.
Studentar frå vidareutdanninga i intensiv- og anestesisjukepleie og studentar frå grunnutdanninga på Høgskolen i Bergen har praksis hos oss