I arbeidet vårt møter vi store utfordringar og oppgåvene våre er svært varierte. Pasientane kan vere frå 500 gram opp til 250 kg! Dei kan vere alt frå heilt friske til del av planlagde operasjonar, akutt sjuke eller alvorleg skadde.
Ein narkose kan vare frå 2 minutt til mange timar, dessutan har vi mange pasientar som bare skal ha lokal bedøving eller få bort eller døyve smertene i ein del av kroppen.
I tillegg til inneliggande pasientar har vi og mange polikliniske pasientar, som får bedøving tilpassa sine behov. Alle inneliggande pasientar får visitt av anestesilege eller anestesisjukepleiar før operasjonen. Under denne visitten kan du diskutere ulike former for smertelindring eller narkose under din operasjon.
Seksjonen KK/Augeavdelinga gir hjelp med bedøving og smertelindring til Kvinneklinikken (KK) og Augeavdelinga, i tillegg har vi ansvaret for overvakinga på postoperativ avdeling. Det er der ein vert liggande etter operasjonen til observasjon. Den postoperative avdelinga nyttast og som observasjonsavdeling for fødande og gynekologiske pasientar som krev ekstra overvaking.
På Kvinneklinikken ligg mesteparten av operasjonsavdelinga, samt den postoperative avdelinga i 2. etasje. Vi har for tida 3 operasjonsstover. I tillegg er det eit område som skal byggjast om til dagkirurgisk avdeling i løpet av 2010 og våren 2011.
På fødeavdelinga i første etasje har vi og ei operasjonsstove for både planlagde og akutte keisarsnitt.
På augeavdelinga ligg operasjonsavdelinga med tre operasjonsstover i andre etasje. Her gir vi bedøving kvar tysdag og torsdag. Pasientane er for det meste barn, men her finn vi og vaksne som av ulike årsaker treng narkose eller smertelindring i samband med eit augeinngrep. I tillegg kjem ein god del akutt hjelp.
Tysdag/torsdag vert operasjonspasientane overvaka på eigen postoperativ avdeling på Augeavdelinga, alle akuttpasientar som vert lagt inn til andre tider, vert overvaka på KK sin eigen postoperative avdeling.
På Fødeavdelinga har vi i tillegg til alle keisarsnitta ein god del andre oppgåver. Vi har ansvar for all bedøving, smertelindring og narkose til både fødande og under ulike inngrep etter fødselen. Det er også vi som har ansvaret for å lindre smerter når barn må forløysast med hjelp av vakuum eller tang på fødestovene.
Vi har og ekspertise til og blir tilkalla til gjenoppliving av nyfødde, til kvinner som opplever sjokk (sirkulasjonssvikt) i samband med eller like etter fødselen. Når det oppstår svangerskapskrampar etter ein fødsel, er det og vi som vert tilkalla for å lindre smertene.
Kirurgisk serviceklinikk har ansvar for mykje opplæring
Vi står for grunnutdanninga av anestesi- og intensivsjukepleiarar og sjukepleiarstudentar, i tillegg til ambulansepersonell, medisinstudentar og legar i spesialisering. Det er og vi som tek på oss opplæringa av personell med ansvar for HMS (helse, miljø og sikkerheit) i Nordsjøen.
Vi har og regelmessige kurs for jordmødrer, legar, anestesilegar og gynekologar i korleis ein best kan behandle nyfødde med blokkerte luftvegar eller pustevanskar. Desse kursa har vi og på AHLR med postoperativsjukepleiarar og operasjonssjukepleiarar.
Bemanning
Det er 19 årsverk på anestesisida og 15 på postoperativ avdeling.
I tillegg har vi ein seksjonsleiar, ein seksjonsoverlege og ein fast overlege (anestesi).