Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barn på dagkirurgen

På dagkirurgen opererer vi og barn, og har god erfaring med dette. Målet vårt er ei trygg og positiv oppleving for både barn og vaksne.

Far med gutt på fanget. Foto
Oppmøte er i resepsjonen på dagkirurgen. Barnet må vere fastande. I ventearealet blir de henta og tatt i mot av sjukepleiar. Her får barnet ei seng, grøn skjorte/pysjamas og ei grøn operasjonshette. Det er i dette lokalet barnet kjem tilbake til etter operasjonen. Her finst det og eit skap kvar ein kan låse inn eigendelar. De får snakke med kirurg og anestesilege om inngrepet og bedøvinga, og om kva som skal skje.

Vi ønsker at kun ein pårørande følgjer barnet inn, dette på grunn av begrensa plass i våre areal. Noko venting må ein rekne med, så lesestoff/leiker eller nettbreitt kan vere lurt å ta med for å få tida til å gå raskare. Vi har og eit leikerom knytta til sengeposten vår.

Interiør lekerom. Foto

Om barnet vegrar seg for stikk, kan han/ho få på eit emlaplaster, eit plaster som bedøver huda før innlegging av venekanyle/veneflon. Om barnet skulle motsetje seg stikking, eller er vanskeleg å leggje inn venekanyle på, har ein og andre alternativ. Ein kan innleie narkosen på gass, då stikk ein barnet etter at det har sovna. Ein pårørande kan følgje med barnet inn på operasjonsstova til det søv. Når barnet søv, følgjer eit av operasjonspersonalet deg ut.

Emlaplaster på barnehand. Foto

Det er vanleg at det kan sjå skremmande ut for pårørande når barnet sovner og blir slapt. Nokre barn vert også urolege før dei sovner. Dette er heilt normalt, men greit å førebu seg på.

Du kan vente i sjukehuset sine areal medan operasjonen pågår. Du vert oppringt av personale på oppvakninga når barnet er ferdig operert. Etter operasjonen er mange barn urolege. Det beste du som pårørande kan gjere er å la barnet få ro i denne tida. Sjukepleiar observerer, og gjer smertestillande etter behov. Etter kvart kjem kirurgen og fortel korleis inngrepet gjekk, og saman med sjukepleiar får de informasjon om håndtering av sår/bandasjer, reseptar og vidare oppfølgjing. Kor lenge de blir på avdelinga er avhengig av kva for eit inngrep som er gjort, og korleis pasienten føler seg.

Meir om kva som skjer før, under og etter operasjon

Sist oppdatert 06.12.2016