AMK

Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) har som hovudoppgåve å ta i mot nødmeldingar til medisinsk nødtelefon (113). I dette ligg også effektuering og oppfølging av aksjonar. AMK mottar ca 45 000 telefonar til 113 pr år.

Vidare mottar AMK melding om alle akutt hjelp-innleggingar (ØH) til somatiske avdelingar i Helse Bergen. AMK er eit viktig kommunikasjonsknutepunkt, særleg for publikum, men også mot ambulansetenesta og helsevesenet elles. AMK er bemanna av sjukepleiarar og ressurskoordinatorar heile døgnet.


Kontakt

Telefon
113

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.