Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barn med leppe-kjeve-ganespalte (LKG)

Ulike spaltetypar

Hos pasientar med leppe-kjeve-ganespalte er det store skilnadar i spaltenes storleik og utstrekning. Det finst mange mogelege kombinasjonar av spalter.

​Det mest vanlege er å dele inn i tre hovudgrupper:

Overleppa og naseregionen blir danna tidleg i fosterstadiet. Sterkt forenkla kan ein seie at overleppa og nasen består av tre element, eit i midtlinja, og eit på kvar side. Desse veks opp mot kvarandre og smeltar saman, slik at overleppa og nasen dannar ein samanhengande eining.

Dersom denne prosessen ikkje går som normalt, kan det hende at elementa ikkje veks fullstendig saman eller ikkje veks saman i det heile – og resultatet kan bli ein spalte.

Omfanget av spalta kan variere frå eit lite hakk i det lepperaude til ein spalte som går gjennom både leppe og kjevekam. Sviktande samansmelting kan førekome på ein eller begge sider, og spalta kan derfor vere einsidig eller dobbelsidig.

Behandlingsplan

Når bornet er omkring 1 måned gamal, vert foreldre og barn kalla inn til eit informasjonsmøte på Haukeland universitetssjukehus. Her får dei foresatte informasjon frå spalteteamet om korleis vidare behandlingsforløp planleggast samt ein individuell veiledning og behandlingsplan.

Dei fleste born får lukka leppespalten i 3-4 måneders alderen. Dersom bornet har dobbeltsidig leppespalte, vert det tale om to operasjonar. Samtidig med leppeoperasjonen rettes nasen, dersom bornet treng det.

Er ein fødd med leppespalte, kan veksten av kjeven og tannanlegga vere påvirka. Senter for leppe, kjeve-ganespalte ved Tannhelsetjenestens kompetansesenter (TKS)  vil derfor følge bornet under heile vekstperioden frå ca. 6 år. Dersom kjeven har ein spalte, kan det verte behov for ein operasjon kor det transplanteres bein til kjevespalten. Dette er mest vanleg å gjere kring 7-11 års alder.

Dersom dei fyrste operasjonene av nase og leppe ikkje gjev tilfredsstillande resultat, kan ein vurdere ein ytterlegare operasjon med korreksjon av nasen og/eller leppen. Dette anbefalast ikkje før bornet er utvekst, i 18 års alderen.

  • Born som har leppespalte, kan som regel ammes
  • Leppespalte gir ingen taleproblemer
  • Leppespalte gir oftest mindre tannstillingsfeil i spalteregionen
     

Inne i munn- og naseregionen vert den harde og den bløyte ganen danna i tida mellom 7. og 12. fosterveke, altså etter at leppa og nasen er danna og lagar eit skilje mellom munnhola og nasehola. Samansmeltinga skjer framme i munnen og bakover.

Om denne prosessen vert forstyrra vil det oppstå ein spalte i ganen, som gjer at det blir ope mellom munnhole og nasehole. Her kan det bli danna spalter av ulik grad, alt etter kor langt samansmeltingsprosessen har kome før den normale utviklinga vert forstyrra.

Behandlingsplan

Når bornet er omkring 1 måned gamal, vert foreldre og barn kalla inn til eit informasjonsmøte på Haukeland universitetssjukehus. Her får dei foresatte informasjon frå spalteteamet om korleis vidare behandling planleggast samt ein individuell veiledning og behandlingsplan.

De fleste born får lukka ganespalten i 12 måneders alderen. Det kan likevel forekomme individuelle variasjonar. Bornet fylgjes opp av spalteteamet med regelmessige med undersøkelsar.

Er ein fødd med ganespalte, kan veksten av kjeven og tannanlegg vere påverka. Senter for leppe, kjeve-ganespalte ved Tannhelsetjenestens kompetansesenter (TKS) vil derfor fylje bornet under heile vekstperioden frå ca. 6 år.

Behov for logopedisk oppfølging vert vurdert fortløpande av Statped Vest, samt behov for ein operasjon for å betre talen.

  • Born med isolert ganespalte kan normalt ikkje ammes før spalten er lukka
  • Born med isolert ganespalte kan ha behov for taleundervisning
  • Born med isolert ganespalte har oftest eit anna vekstmønster i kjeven

Ein submukøs ganespalte er i prinsippet ein ganespalte. Spalten er da vanlegvis dekka av slimhinne. Derfor vert tilstanden også kalt ein "skjult" ganespalte.

Nokre gonger oppdagast ikkje spalten før bornet er i førskulealder. Det er ikkje uvanleg at det  då er ein øyre-nase-hals-lege eller ein logoped som oppdagar spalta. Dei henviser bornet til spalteteamet vanlegvis på grunn av eit taleproblem.  Som igjen vurderar om bornets treng taleundervisning eller har behov for ein taleforbedrande operasjon.

Dersom eit born med submucøs ganespalte trenger tannregulering eller annen kjevekirurgisk oppfylgjing, samordnes det av Senter for leppe, kjeve-ganespalte ved Tannhelsetjenestens kompetansesenter (TKS).

  • Born med submukøs ganespalte kan i nokre tilfeller vere vanskeleg å ammes
  • Born med submukøs ganespalte kan ha behov for logopedisk oppfølging

LKG, også kalla totalspalte eller gjennomgåande spalte, er felles namn på to ulike misdanningar som skjer på ulik stad og til ulik tid i fosterutviklinga. Spaltene kjem likevel ofte i kombinasjon hos same born, noko som fører med seg at born blir fødd med spalte gjennom leppe, kjeve og gane. Også her kan spalta vere einsidig og dobbelsidig.

Fordi dei to spaltetypane leppe-kjevespalte og ganespalte ofte finn stad på same tid og behandlinga følgjer dei same retningslinjene, er det vanleg å kalle dei for leppe-kjeve-ganespalte (LKG) eller for leppe-ganespalte som svarer til den engelske nemninga «Cleft Lip and Palate».

Behandlingsplan

Når bornet er omkring 1 måned gamal, vert foreldre og barn kalla inn til eit informasjonsmøte på Haukeland universitetssjukehus. Her får dei foresatte informasjon frå spalteteamets om korleis vidare behandling planleggast, samt ein individuell veiledning og behandlingsplan.

Bornet vert fulgt opp av spalteteamet med regelmessige kontroller (se Behandlingsplan for leppe-kjeve-ganespalteteamet i Bergen).

Bornets behov for logopedisk oppfølging vert fortløpande vurdert ved faste kontroller hos Statped vest.

Dersom ein er fødd med leppe-kjeve-ganespalte, vert både kjevevekst og  tannanlegg påvirka. Senter for leppe, kjeve-ganespalte ved Tannhelsetjenestens kompetansesenter (TKS),  vil derfor fylje opp bornet under heile vekstperioden.

Born med leppe-kjeve-ganespalte blir oftest operert fyrste gongen ved 4 måneders alder. Då vert leppespalta lukka. Av hensyn til kjevens vekst, venter ein vanlegvis til bornet er 1 år gamal, med å lukke ganespalta.

I nokre tilfelle kan bornet trenge ein operasjon for å gjere talen betre.

Dersom kjeven har ein spalte, kan bornet trengje ein beintransplantasjon, ein operasjon kor ein flytter bein til kjevespaltenspalten. Dette er vanlegast å gjere i 7-11 års alderen.

Hvis dei fyrste operasjonar av nase og leppe ikkje gjer tilfredsstillande resultat, kan ein vurdera ny operasjon med korreksjon av nase og/eller leppen. Dette anbefalast fyrst, når bornet er utvokst, i 18 års alderen.

  • Born med leppe-kjeve-ganespalte kan normalt ikkje ammes
  • Born med leppe-kjeve-ganespalte kan ha behov for taleundervisning
  • Born med leppe-kjeve-ganespalte har tannstillingsfeil grunna spalten og eit endra vekstmønster i kjeven
Sist oppdatert 08.02.2018