Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barn med leppe-kjeve-ganespalte (LKG)

Mating og amming

Hvordan barnet blir amma og mata på, vil vere avhengig av spaltetype og individuelle forskjellar hos mor og barn.

Baby kryper i gresset. Foto

​​​​​​Dei fleste mødre til barn fødd med leppespalte opplever sjeldan ammeproblem grunna spalten. Nokre mødre har erfart at det kan hjelpe barnet å få betre tak i brystet, om mor dekker spalten med brystet.

Barn med isolert ganespalte eller leppe-kjeve-ganespalte har ofte store vanskar med å få i seg nok melk frå brystet fordi dei ikkje klarer å lage vakuum og / eller lukke leppane rundt brystvorta. Mange kan likevel ha glede av å få noko morsmjølk frå bryst og resten av måltidet frå flaske.

Meir om dei ulike spaltetypane

Eske og tåteflaske for mating av barn med spesielle behov fra Medela produkter. Foto

SpecialNeeds tåteflasken er utvikla for spedbarn som av ulike årsaker ikkje er i stand til å skape vakuum.

Pumping og flaskemating

Om det ikkje er mogeleg å amme eller det blir vanskeleg, kan mor pumpe ut mjølka med brystpumpe. Mange har gjort dette med gode resultat.

Barnet får då morsmjølka frå ei mjuk flaske der hola i smokken må tilpassast barnet. Den som matar barnet klemmer på flaska slik at barnet drik​k i eit passande tempo. 

Morsmjølkerstatning

Dei fleste mødre ønsker å gi barnet sitt morsmjølk, men pumping kan vere vanskeleg for nokre mødre. Det er ikkje alle som får ut tilstrekkeleg mjølk ved hjelp av pumpa. Då kan ein gi morsmjølkerstatning med flaske.

Andre utfordringar

Ved mating hender det ofte at mjølk kjem ut av nasa under og etter måltida. Dette er heilt ufarleg og har ein naturleg årsak.

Nokre barn kan vere plaga av tørrleik og skorpar på spaltestaden ved leppespaltar. Ein feit krem eller vaselin kan hjelpe mot dette.

Kven kan hjelpe?

Ammepoliklinikken ved Fødeseksjonen på KK, Haukeland universitetssjukehus

Ammehjelpen

Gode tips og råd

Leppe-ganespalteforeningen har god informasjon til foreldre om amming og mating av barn fødd med leppe-kjeve-ganespalte (LKG):

 

Amming og mating (pdf)

Pumping og utstyr (pdf)

Flaskar og smokkar

Sist oppdatert 26.08.2023