Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilvising til nasjonal behandlingsteneste for avansert brannskadebehandling

Haukeland universitetssjukehus tek imot pasientar for avansert brannskadebehandling frå heile landet. Her finn du informasjon om når du bør kontakte oss for konferering om vidare behandling og eventuell overflytting.

Lista er ikkje uttømande. Behandling av brannskadar på lokalsjukehus vil vere avhengig av lokal kompetanse og erfaring. Kriterielista gjev grunnlag for rådføring og mogleg overflytting til BSA.

Dersom lokal kompetanse er tilstrekkeleg, spesielt ved plastikkirurgiske avdelingar, vil ein kunne tilrå behandling lokalt og/eller regionalt utover kriteria under.

  • Brannskade som er større enn 10 prosent av TBSA (kroppsflata)
  • Brannskade som er større 5 prosent av TBSA hos barn
  • Fullhud (3. grad) skadar som er større enn 5 prosent av TBSA
  • Brannskadar i spesielle regionar
     - Hender, andlet, føter, genitalia, perineum og over store ledd
    - Skadar som omfattar heile sirkumferensen på ekstremitetar eller thorax
  • Brannskadar med inhalasjonsskade
  • Elektriske brannskadar
  • Kjemiske brannskadar
  • Brannskadar hos multimorbide
  • Brannskadar med samtidig multitraume
  • Brannskadar hos svært små barn eller svært gamle og svekka pasientar
  • Brannskadar hos gravide
  • Brannskadar der ein mistenker mishandling/omsorgssvikt
Sist oppdatert 25.04.2022