Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Karpodden

Karpodden er podkasten for deg som har fått ein kar-relatert diagnose, for deg som er pårørande, og for deg som skal bli eller er helsearbeider. Vi tar for oss diagnoser, behandling, og korleis livet med ein karsjukdom kan vere.

En gruppe mennesker iført klær
​Podkasten er produsert av dei flinkaste fagfolka i Helse Bergen HF innanfor karkirurgi og karsjukdom. Det meiner vi i alle høve sjølv.
 
 
​​
Sjukdomar i blodårene er eit stort spekter av ulike tilstander. Frå heilt vanlege åreknutar, til sjeldnare og meir dramatiske diagnosar - og vi har som mål å få snakka om alle saman i Karpodden.
 
Vi som jobbar i spesialisthelsetenesta, altså sjukehusa, freistar å gjere det vi kan for å informere pasientane våre og samstundes halde oss sjølve oppdaterte på siste nytt i fagfeltet. Diverre er karsjuksom uhelbredelige sjukdomar, og kjem med stor last i livet, men kunnskap om sjukdomen gjere stort utslag både i førebygging av plager, og ikkje minst i alle dei viktige vala som ein som pasient må ta i behandlinga.
 
Karpodden er såleis meint både som folkeopplysning, fagleg påfyll til helsepersonell, men kanskje mest som pasientinformasjon til dei som allereie har fått ein diagnose. 
 
Ansvarlig redaktør er kommunikasjonsdirektør Erik Vigander, fagansvarlig er avdelingssjef og overlege i karkirurgi Espen Tyse Gubberud.​​
 

​Espen Tyse Gubberud

Bilete av Espen Gubberud

Overlege i karkirurgi og avdelingssjef ved Avdeling for karkirurgi, Haukeland universitetssjukehus. Espen tok legeutdanninga på Universitetet i Bergen, og spesialisering i generell kirurgi og karkirurgi ved Haukeland universitetssjukehus. Han har òg jobba ved andre klinikkar i regionen med åreknutebehandling. Espen er faglig redaktør for Karpodden, og dukker opp som faglig gjest på fleire episodar.



Einar Andre Brevik

Einar Brevik.jpg

Einar tok legeutdanninga på Universitetet i Bergen, og spesialisering i generell kirurgi og karkirurgi på Sykehuset Innlandet HF og St. Olavs Hospital i Trondheim. Han har vore aktiv i Norsk karkirurgisk forening  frå 2014 til 2019 som leiar, nestleiar og styremedlem. I tillegg har han sitte som norsk representant for karkirurgar under utdanning i den Europeiske karkirurgiske foreninga (ESVS) fra 2013 til 2015. Einar vart innhenta som overlege i karkirurgi til Haukeland universitetssjukehus i 2020 og trakker korridorane våre enda. Einar sine oppgåver i Karpodden er å fylle på med faglig stoff, samt skaffe midlar og formidle kontakt med interessante gjestar. 


Irèn Drange Hjellestad​

Iren Drange Hjellestad.jpg

Overlege i indremedisin og hormonsjukdomar. Iren tok òg legeutdanninga ved Universitetet i Bergen og gjekk i samme kull som Einar. Ho leverte PhD-graden hjå Universitetet i Bergen i 2019 med avhandlinga « Biomarkers for Diabetes Mellitus in Advanced Peripheral Arterial Disease: Diagnostic performance and outcome prediction of HbA1c, fasting plasma glucose and the oral glucose tolerance test». Irèn er initiativtakar til Karpodden, og styrer vidare med prosjektutvikling, faglig stoff og kreative innspel.​​ Foto: Helge Berland

​Marius Løbø Fimland
Marius redigering.jpg


Produsent og kommunikasjonsrådgjevar i Helse Bergen, med kontor på Haukeland universitetssjukehus. Produsenten vår har bakgrunn innafor musikk, design og undervisning, i tillegg til journalisme. Det var egentlig ikkje meninga at Marius skulle høyrasti episodene våre, bare styre bak kulissane. Etter få minutt vart han derimot rekruttert som fast lekmannsstemme, for å sikre at fagfolket ikkje begraver seg i stamme​språk, og når ut til lyttarane på gata.  


​Lydia Johnsen
Lydia Johnsen.jpg

Utdanna radiograf fra Høgskolen i Bergen, med spesialisering i ultralyd av kar. Lydia er tilsett ved Avdeling for karkirurgi, Haukeland universitetssjukehus. PhD-graden avla ho på Universitetet i Bergen i 2021 med avhandlinga «Ultrasound in the follow-up after endovascular aneurysm repair». Ho har ei bistilling som førsteamanuensis ved Institutt for sirkulasjon og bildediagnostikk, NTNU og studerer medisin ved Universitetet i Bergen. Lydia er prosjektleiar og podkastvert for Karpodden.
Foto: Karl Jørgen Martinsen, NTNU

Karpodden har fått både fagleg og økonomisk støtte av Norsk karkirurgisk forening, som du finner lenke til under.​​
 

​Vil du vite meir om sjukdom i blodårene? Då anbefaler vi nettsidene til Norsk karkirurgisk forening (ekstern lenke),​ der du kan finne informasjon om dei ulike sjukdomstilstandane.​



Sist oppdatert 26.08.2024