Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Informasjon til deg som er bypass-operert

Har du smerter i foten ved kvile, sår eller område med dødt vev på fot/tær som ikkje gror, er dette ofte grunna dårleg blodtilførsel. Åreforkalkning kan gje trange / tette blodårer og dermed vere årsaka til redusert blodsirkulasjon.

Ved bypass operasjon vert ei ny blodåre lagt forbi det området som er tett. Denne kan vere laga av din eigen vene eller av kunststoffmateriale.

Å lage ein bypass blir gjort for å betre blodsirkulasjonen f.eks. nedover i foten eller til aktuelt område med dårleg blodtilførsel.

Etter operasjon

Etter ein bypass operasjon der blodsirkulasjonen blir betre,  er det forventa at foten blir raud og  hovnar opp, og at såra vil bli meir fuktige . Dette kan vere smertefullt i starten, og kan opplevast som stikningar,  auka trykk og tyngdefølelse i foten. Det kan også gje ein følelse av å gå på ei «pute», og det gjer at foten ikkje får plass i dine vanlege sko.

Dette er normalt og eit godt tegn på at operasjonen er vellukka, og at det er god blodsirkulasjon heilt fram i tærne. Etter operasjon vil det bli gjort ei ultralydundersøking for å kontrollere at den nye blodåra (by pass) er open. 

Sårstell

Såra du hadde før vil kunne sjå verre ut ein periode, ha auka sivning, og det kan bli nødvendig med ein bandasje som har god oppsugingsevne. Dette er forbigåande og kan vare frå 2-6 veker, sivning vil avta og då kan ein vurdere ein annan type bandasje.

Dette kan du gjere sjølv etter operasjon:

  • Vere i aktivitet, gå mest mogeleg for å oppretthalde blodirkulasjonen i foten , og samtidig  stimulere venepumpen i føtene slik at du minskar hevelsen.
  • Når du sit, kan du i korte periodar ha foten høgt for å minske hevelsen.
  • Vippe med foten når du kviler.
  • Drikke godt, som dermed bidrar til god blodsirkulasjon.

Det er viktig å ikkje ha stram bandasje på foten, ikkje kompresjonsbind, og ikkje for stramme sko. Stram bandasje og kompresjonsbind kan tette igjen den nyanlagte bypassen.

Etter kvart vil hevelsen gå ned og såra gro, og du vil kunne gå lengre distansar med mindre smerter. Operasjonssåra kan du skifte på hver 2.-3. dag.

NB! Hugs handvask før sårskift. Du kan ikkje dusje første veka, deretter kan du dusje med bandasje og skifte den etter dusj. Unngå karbad så lenge du har sting /metallstiftar.

Stinga /metallstiftane kan fjernast hos fastlegen etter ca. 3 veker om alt er bra. Av og til kan stinga sitte lenger utfrå korleis foten ser ut.

Ta kontakt med fastlege/legevakt dersom det er mistanke om blødning eller sårinfeksjon.

Teikn på sårinfeksjon er:

  • Rødme, hevelse, varme og dunkande smerter i operasjonssåret.
  • Puss / sekret i såret.
  • Feber og / eller sykdomsfølelse i kroppen.

Det kan oppstå blodpropp i bypassen, teikn på dette er akutte smerter i føtene/foten eller at foten blir bleik / blå og kald.

Kontroll

Pasientar som blir operert med bypass vil bli kontrollert regelmessig på Karkirurgisk poliklinikk med ultralyd. Fyrste gong vanlegvis etter ca. 4 veker.

Etter operasjonen skal du ta medisiner mot åreforkalkning, og for å minska risikoen for blodpropp. Det er viktig å ta desse medisinene framover.

Kontakt

Kirurgisk post 4
Telefon 55 97 35 50

NORKAR - forskingsprosjekt

​På karkirurgisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, har vi som mål å gi best mogleg behandling basert på nyaste kunnskapsgrunnlag. Derfor er forsking ein viktig del av vår verksemd. 

Vi arbeider no med eit kvalitetsforbetringsprosjekt som skal undersøke kvaliteten på kirurgisk behandling av utposing på pulsåra i knehasen. Det gjer vi ved å samanlikne utkomme etter dei ulike operasjonsmetodane vi har tilgjengeleg for å behandle denne tilstanden. 

I prosjektet bruker vi avidentifiserte persondata frå NORKAR – det norske hjarte- og karregisteret. Alle opplysningane vil bli behandla utan namn og fødselsnummer eller andre direkte gjenkjennande opplysningar (=koda opplysningar). 

Les meir om forskingsprosjektet



Sist oppdatert 30.01.2023