Eit døgn på post
Etter operasjon kjem du kjem til Postoperativ seksjon (oppvakinga) som er ei observasjonsstue for nyopererte. Når du vaknar vil du kunne vere tilkopla medisinsk utstyr. Kirurgen informerer deg om operasjonen.
Du vil ligge ei tid på Postoperativ seksjon. Felles for alle som ligg her er at dei treng mykje ro, og må vere under kontinuerleg oppsyn av helsepersonell. Det er ikkje vanleg at vaksne pasientar tar imot besøk her.
Når tilstanden tillèt det blir du flytta tilbake til avdelinga. Vi gir beskjed til pårørande når du er tilbake til sengeposten.
Første dag etter operasjonen
Det er viktig at du er oppe frå senga. Tidleg aktivitet førebyggjer komplikasjonar, og gjer at du kjem deg raskare. Personalet vil hjelpe deg om du treng det.
Som nyoperert kan det vere vanskeleg å kome seg opp av senga. Når du ikkje bruker magemusklane gjer det mindre vondt.
Smertelindring
Dersom du opplever smerter etter operasjon, vil vi saman med deg finne riktig smertelindring. Det gjer det mogleg for deg å trene litt allereie dagen etter operasjonen. Vi ser til at du er tilstrekkeleg smertelindra før du skal ut av senga.
Fordøyelse etter operasjonen
Dei fleste pasientar kan få drikke og ete. Dette vil få i gang tarmfunksjonen. Etter operasjonen er det mindre peristaltikk i tarmen som gjer at fordøyinga er redusert. Det er vanleg å få ein periode med luftsmerter og kvalme. Du kan i så fall få kvalmestillande medisin.
Andre dag etter operasjonen
Opptreninga held fram. For kvar dag blir det lettare å bevege seg. Avdelinga har ein buffet der du kan forsyne deg med mat og drikke. Personalet serverer dei som treng hjelp.
Tredje til fjerde dag etter operasjon
Det er muleg at du nå kan reise tilbake til pasienthotellet for å vere der nokon dagar før du skal heim.
Dagleg aktivitet etter operasjonen er avgjerande for at du skal komme i form.Ta korte treningsøkter og sørg for tilstrekkeleg kvile, mat og drikke.
Auk aktiviteten gradvis
Gjennom dei første åtte vekene etter operasjonen kan du gradvis auke aktiviteten. I denne perioden skal du ikkje ta tunge løft, fordi det kan provosere fram brokk i operasjonssåret. Prøv å leve så normalt som mogleg, samstundes som du tar i betraktning at det kan ta tid å komme i form.
Det er muleg at du nå kan reise tilbake til pasienthotellet for å vere der nokon dagar før du skal heim.