Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Å jobbe på gastrokirurgen 1 og 3

På våre to avdelinger behandlar vi pasientar med lidingar i spiserøyr, bukspyttkjertel, lever, galle, ventrikkel og heile tarmsystemet ned til rektum. Arbeidsfellesskapet er godt, og vi har mellom anna eit stort spekter av høgt tekniske sjukepleieprosedyrar.

Vi har en regionsfunksjon og hovedandelen av pasientane våre er planlagde kreftoperasjonar. I tillegg har vi ein stor del øyeblikkelig-hjelp- pasientar og palliative pasientar. 

Avdelingene er delt inn i tre sengeposter, Kirurgen1 nord, 1 vest og Kirurgen 3, vi samarbeider tett på tvers av avdelingene og er slått saman på kirurgen 1 om sommaren. Vi har til sammen 60 senger. Vi fordeler elektive og øyeblikkelighjelp-pasientar mellom avdelingene. 

 

Fagleg utvikling 

Vi har eit stort spekter av høgt tekniske sjukepleieprosedyrar.

Vi har fleire spesialsjukepleiarar innan blant anna kreft, gastro og stomi. Vi har også flere sjukepleiarar som har vore med i Overvåkningskompetanseprogrammet til Helse Bergen, og har faste plassar der kvar vår og haust. 

Vi jobber aktivt med faglege ressurspersoner på avdelinga, og har eit levande HMS-arbeid.  

Godt fellesskap
Vi er to store avdelinger som har eit veldig godt arbeidsmiljø. Dei tilsette har fleire felles aktiviteter som dei gjer i fritida. Kvar vår har vi vårt årlege gastro-seminar - ein stor hending med seminar på dagtid og middag om kvelden. Om sommaren har vi gastro-festival, med konkurransar, leiker og middag om kvelden.

Vi har eit stabilt arbeidsmiljø med normal turnover. Gjennomsnittsalderen er 33 år. 

 
Velkommen med! 

Sist oppdatert 12.06.2024