Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sårbehandling - pasientinformasjon

Ved Hudavdelinga vurderar, diagnostiserer og set vi i gang behandling for sår. Pasientar må tilvisast frå lege for å få komme til oss. Det er hovudsakeleg leggsår som blir vurdert hos oss, men også einskilde andre sår.

​Kjem du til vurdering hos oss er det fint om du tar med informasjon om kva for behandling du har forsøkt til no. Dersom heimesjukepleiar eller andre som utfører sårbehandlinga di har mogelegheit, er dei velkommen til å vere med. Dei kan vere til stor hjelp både som informasjonskjelde og for opplæring i ny behandling.

Om du har mykje smerter, kan du med fordel ta smertelindrande før du kjem.

Når du kjem til vurdering hos oss vil du først treffe ein sjukepleiar som tar deg i mot og fjernar bandasjar før legen kjem inn. Sårbehandlinga tar tid og eit besøk hos oss kan ta rundt to timar.

Vi har eit tett samarbeid med primærhelsetenesta, og behandling blir i hovudsak utført der. Ved behov vil du bli tatt inn til kontroll hos oss.

 

Gode råd og tips for pasientar

  • Ta med informasjon om kva for behandling / kva slag bandasjar du har hatt til no
  • Det er viktig å følgje prosedyra
  • Du bør ikkje endre behandling utan å rådføre deg med lege
  • Dersom du røykjer, bør du vurdere å slutte då røyk har negativ innverknad på sårhelinga


​Informasjon til helsepersonell


Sist oppdatert 13.04.2023