Heimetest for klamydia

Test deg gratis for klamydia heime. Du kan vere smitta utan å vite det.

 

Bestill​ gratis prøveutstyr f​or klamydiatest


Bestillinga går sikkert via MinJournal.

Når du har registrert deg, får du tilsendt prøveutstyr og informasjon i diskret konvolutt. Vi sender ut prøveutstyr to gonger i veka. ​


Slik tar du prøven:

Korleis ta klamydiaprøve frå skjeden. Kvinner.pdf

Menn: Korleis ta urinprøve til klamydiatest (pdf)


Skjema du skal svare på:

Registreringsskjema klamydiatest (docx)

​Prøven sender du tilbake til Poliklinikk for SOI​ i vedlagt, adressert konvolutt. Du må sjølv betale kr 40 i porto på retursendinga. Prøven kan du også levere direkte på poliklinikken. Det er gratis.


Ring for å få svar

Om lag ti dagar etter at du har sendt inn prøven, kan du ringe 55 97 39 62 for å få prøvesvaret. Frå 15. mars 2016 vil alle prøvane også bli testa for gonorè.


Positivt funn

Dersom du får påvist klamydia med heimetesten, må du møte hos oss på SOI-poliklinikken for å få behandling. 

Tilbodet om gratis heimetesting av klamydia gjeld difor berre for deg som bur så nær Bergen at du kan møte på Haukeland universitetssjukehus for å få behandling. 


Nyttige lenker

Informasjon om sex og helse på flere språk - Folkehelseinstituttet Patient information about sexually transmitted infections - British Association for Sexual Health and HIV (BASHH) Pasientinformasjon om seksuelt overførbare infeksjonar - IUSTI (International union against sexually transmitted infections) IUSTI guidelines - informasjon til helsepersonell​​
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.