Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Skabb

Skabb er ein midd som lever og legg egg i gangar som han grev i det øvste hudlaget. Her kan du sjå korleis dette skal behandlast.

dame klør seg på hånden

Korleis smittar Skabb?

Skabb kan smitte ved direkte hudkontakt, ved seksuell kontakt og i einskilde tilfelle via tekstilar. Midden trivst best i varmt miljø som til dømes i ei seng. Lege kan stille diagnosen ved å finne skabbmidden i huda og påvise han i mikroskop. Skabbmidden måler 0,3-0,5mm.

Last ned brosjyre om skabb (PDF)

Symptom

Det vanlegaste symptomet er sterk kløe som hjå dei fleste blir verre om kvelden og om natta. Kløen startar som regel 4-5 veker etter smitte. Ein kan ikkje sjå sjølve skabbmidden utan mikroskop, men dei fleste får eit raudt utslett, oftast mellom fingrane, på handledda, olbogane, rundt midja, på låra og kjønnsorgana.

Behandling

Ved mistanke om skabb bør du kontakte lege som kan finne skabbmidd og stille diagnosen. 
Lege ordinerar behandling:

Krembehandling ved skabb (PDF)

Tablett og krembehandling ved skabb​​ (PDF)

Linimenbehandling ved skabb (PDF)

Tablett og linimenbehandling ved skabb (PDF)​​

Personar du har nærkontakt med bør behandlast sjølv om dei ikkje klør. Med nærkontakt meiner vi alle i husstanden og andre som du har delt seng, handkle og liknande med.
Alle i husstanden bør ta behandling på same tid, dette gjeld også viss du bur i kollektiv.
 

Planlegg behandlinga og sett av nok tid til følgande:

  • Ta av sengetøy og følg prosedyren under punktvis.
  • Klipp og reingjer negler.
  • Dusj og tørk hår og hovudbotn med hårfønar.
  • Smør som ordinert.
  • Etter at du har smurt deg inn tar du på deg reint undertøy/nattøy og har det på deg i 24 timar.   
  • Bruk bomullshanskar den tida behandlinga varer. Dersom du MÅ vaske hendene i løpet av behandlingstida, må hendene smørjast inn på nytt men då berre 1 gong. MEN: Helst unngå handvask, bruk i staden plasthanskar utanpå dei kvite bomullshanskane ved ex. toalettbesøk. 
  • Etter 24 timar dusjar du på nytt og byter undertøy og sengetøy.
  • Gjenta behandlinga etter 7 dagar! Følg same prosedyre.

Kva skal gjerast i heimen?

Skabben døyr etter 6 døgn når han ikkje er i kontakt med hud, men også om han blir utsett for svært høg temperatur. Her er råd for å hindre smitte på nytt:

  • Vask alt av klede, handkle, sengetøy, kosedyr, pledd, dyner og puter du har vore i kontakt med dei siste 7 dagane på 60 grader. Tøy som ikkje toler vask på 60 grader skal leggast vekk i 7 dagar i romtemperatur (til du har avslutta andre behandling).
  • Ta mobildekselet av mobilen og legg det bort i 7 dagar.
  • Sko som har vore i bruk den siste veka set du bort i 7 dagar. Hugs at dette også gjeld for sports- og arbeidstøy/sko.
  • Støvsug seng og madrass som eit minimum. Snu overmadrassen eller dekk madrassen med plast eller la han kan stå ubrukt i 7 dagar.
  • Sofa/kontorstol/bilsete skal støvsugast grundig. Den/dei kan dekkast med plast eller stå ubrukt i 7 dagar.
  • Frysing av klede, tekstiler og sko kan vurderast, men effekten av frysing avheng av temperatur, tid og kor tett pakka kleda som skal frysast er. For å oppnå effekt må gjenstandane vere gjennomfrosne i 24 timar ved låg temperatur (-18 grader), og kleda må ikkje vere for tett pakka.

Kan eg vere sikker på at jeg ikkje har Skabb lenger? 

Det er vanleg å klø i fleire veker, sjølv om behandlinga har vore effektiv. Dersom du klør mykje etter Nix-behandlinga, kan du bruke ein svak kortisonsalve som du får kjøpt på apotek utan resept. Dersom du mistenkjer at du ikkje har vorte frisk, må du oppsøkje lege på nytt.

Lykke til!

Har du spørsmål, kan du vende deg til fastlegen eller Folkehelseinstituttets informasjonssider.

Sist oppdatert 29.08.2023