Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Til deg som pårørande

Din næraste er i ein sårbar situasjon, og du som pårørande er difor ein viktig ressurs. Ditt nærvær, ditt ansikt og di stemme vil bidra til å gje ein samanheng og tryggleik for pasienten.

Som barn er du også hjarteleg velkommen på besøk. Du vil få ekstra oppfølging både før og under det første møtet med pasienten.

Behandlinga hos oss inkluderer mykje bruk av avansert medisinsk teknisk utstyr. Alarmar og høg aktivitet er ein del av kvardagen ved ein intensiv avdeling. Ein slik situasjon kan opplevast som forstyrrande og skape bekymring.

Vi har to pårøranderom ved vår eining, og romma kan nyttast til informasjon og samtaler vedrørande pasientens tilstand og behandling. Romma er også eit egna sted til å trekkje seg tilbake for å kvile. Det er viktig at du tar godt vare på deg sjølv i denne vanskelege tida, og vi vil støtte og rettleie deg på best muleg måte.

Dødsfall

Dei fleste pasientar som blir innlagt ved eininga vår blir betre og utskriven frå MIO. Dersom pasienten sitt liv likevel ikkje kan reddast, vil vi leggje til rette for ein verdig avslutning for pasient og pårørande. Det å miste ein av sine næraste er tungt og vanskeleg. Vi kan hjelpe til med praktisk informasjon, og du vil i tillegg få eit skriftleg praktisk informasjonshefte. Vi tilbyr etterlatt- samtaler til næraste pårørande, og tidspunkt koordinerast med sjukepleier, lege og pårørande.

Organdonasjon

Når livet ikkje kan reddast, kan det i enkelte situasjonar bli aktuelt å spørje om donasjon av organ frå den avdøde for å kunne redde andre liv. I slike situasjonar bistår avdelinga dei pårørande med informasjon. Dei får også nødvendig tid til å diskutere temaet. Den døde si innstilling, eller antatte innstilling til organdonasjon, vil utgjere eit grunnlaget for familiens samtykke. Det er ingen aldersgrense for organdonasjon, og tidlegare sjukdommar eller medisinbruk er ikkje alltid avgjerande om organ kan nyttast. Legene vil vurdere dette nøysamt i kvart enkelt tilfelle.

Sist oppdatert 20.03.2023