Opning av ny CPET på Voss sjukehus
I vedtektene til Voss Sparebank står det at overskotet mellom anna kan nyttast til ålmennyttige føremål. Kva kan vel vera meir ålmennyttig enn å gje ei gåve til Voss sjukehus?

Voss sjukehus har fått CPET i gåve frå Voss Sparebank. På «opninga» av CPET’en fekk sjukehuset besøk av Voss Sparebank ved administrerande banksjef Jørund Rong og styreleiar Trond Syversen.

Frå venstre: Styreleiar i Helse Bergen, Terje Breivik, administrerande banksjef Jørund Rong og styreleiar Trond Syversen i Voss sparebank.
Både sjukehusleiar Birger Lærum, administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus, Eivind Hansen, og styreleiar i Helse Bergen, Terje Breivik, er takksame for den rause gåva. Dei meiner dette er eit symbol på den gode støtta Voss sjukehus har i lokalsamfunnet og det viser at det blir satsa på sjukehuset.
Til opninga kom også professor Tone Norekvål i Helse Bergen og professor Heather Allore fra Yale University som forskar på hjarterehablitering. Mange tilsette ved sjukehuset var også tilstades.
Slepp å reise til Haukeland
Når Voss sjukehus no har fått CPET slepp pasientar å reise til Haukeland for å gjennomføre avansert undersøking av hjarte og lunger under fysisk aktivitet.
Lungelege Atle Riise fortel at testing av pasientar med CPET er viktig i utgreiinga av lunge og hjartesjuke. Voss sjukehus kan i tillegg til å undersøke pasientar i eige område også bidra med å redusere ventetidene i Helse Bergen.

Professor Tone Norekvål seier at hjarterehabilitering er eit forsømt område i Noreg, men at dei no har fått midlar til utvikling og forsking på eHjerteRehab. Dette er eit av prosjekta i PROCARD. Testing med CPET er eit viktig utgangspunkt for pasientar som skal til hjarterehabilitering og er såleis viktig i forskinga.
