Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ungdomsprosjektet Heart and mind

Heart and Mind er eit stort overbyggande prosjekt leia frå Rikshospitalet I København av professor Selina Klikkenborg Berg. PROCARD-gruppa er invitert til å delta inn i to av deira delprosjekt: 1) Children and Young people samt 2) Takotsubo syndrom: Patogenese og helseutkomme.

 

.

«Children and Young People» er eit forskingsprosjekt som undersøker korleis tenåringar opplever å ha ein forelder som har fått påvist hjartesjukdom. Til saman 10 tenåringar og mor og far vart intervjua. Hensikta med prosjektet er å få kunnskap om korleis tenåringen opplever at ein av foreldra har fått påvist ein kronisk hjartesjukdom og om – og eventuelt korleis - hjartesjukdommen verkar inn på familien. Alle tre intervjuast samtidig, og totalt 30 intervju er gjennomført i kvart enkelt deltakarland – som er Danmark, Noreg og Sverige.​

​​Bakgrunn for studien

Tidligare forsking har vist at ungdom blir påverka av ein forelders sjukdom og at eit endra familieliv, med sjukdom som ein del av dagliglivet, kan ha både negative og positive konsekvensar for ungdommen. Det er dokumentert at barn med ei mor eller ein far som er diagnostisert med kreft eller psykisk sjukdom påverkast negativt av dette. Det er ikkje forska spesielt på unge der ein av foreldra har hjartesjukdom. Me ynsker difor å få meir kunnskap om korleis ungdom opplever å ha ei mor eller ein far som har hjartesjukdom. Prosjektet kan gi auka kunnskap om kva konsekvensar hjartesjukdommen til ein forelder har for trivselen og kvardagen til den unge. Resultata kan òg ha innverknad på korleis helsevesenet i framtida betre kan støtta ungdom i samband med foreldres hjartesjukdom.

Hensikt med studien

Den overordna hensikta med studien er å vinna ny kunnskap om korleis ungdom opplever å ha ei mor eller ein far som er diagnostisert med hjartesjukdom tidlegast 6 månader og seinast 5 år før intervjua blir haldne. Ungdom mellom 13 og 19 år med ein føresett diagnostisert med enten iskemisk hjartesjukdom, hjartesvikt eller arytmi vart inkludert i studien. I tillegg ynskjer me å få innsikt i refleksjonane til foreldra knytt til korleis ungdommen deira opplever å ha ein hjartesjuk føresett, og om dei tenkjer dette pregar trivsel og kvardagen til barnet deira. Prosjektet inkluderer dermed både perspektivet til den unge samt den sjuke og den friske føresette. Resultata kan bringa ny kunnskap om korleis helsevesenet i framtida kan støtta ungdom i samband med ein føresett sin hjartesjukdom.

Gjennomføring av studien

I Noreg vart alle intervjua gjennomført på telefon på grunn av koronapandemien. Mor, far og ungdom vart intervjua samtidig – for å unngå at dei snakka saman. Sjukdom rammar ein familie på fleire måtar, og det er kjent at vaksne pårørande til sjuke opplever at rolla til pårørande har konsekvensar for kvardagen deira. Forsking har vist at ungdom blir påverka av ein forelders sjukdom og at eit endra familieliv, med sjukdom som ein del av dagleglivet, kan ha både negative og positive konsekvensar for ungdommen. Det er forska på korleis det er å vera barn av ei mor eller far som lir av kreft eller psykisk sjukdom, men det er ikkje forska spesielt på barn og unge der ein av foreldra har hjartesjukdom.

​​​​​​Mogleg helsegevinst

Den overordna hensikta med forskingsprosjektet er å få innsikt i korleis barn og unge opplever det å ha ei mor eller ein far med hjartesjukdom i Noreg, Danmark eller Sverige. Prosjektet inkluderer både perspektivet til den unge, perspektivet til den sjuke forelderen samt den friske forelderens eller sambuars perspektiv. Prosjektet kan gi auka kunnskap om kva konsekvensar hjartesjukdom til foreldre har for trivselen og kvardagen til den unge. Resultata kan òg ha innverknad på korleis helsesystemet i framtida vil støtte barna i samband med ein forelders hjartesjukdom.

Les sak om ungdom som pårørande til hjartesjuke​



Sist oppdatert 25.10.2022