Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Testing av livetrening i eHjerteRehab

Hjerterehabilitering er sterkt tilrådd i internasjonale retningslinjer då det reduserer dødelegheit og reinnleggingar samt betrar helserelatert livskvalitet hjå pasientar med hjartesjukdom. Trass i desse positive effektane er deltaking på hjarterehabilitering nasjonalt så lågt som 14%. Gjennom forsknings- og innovasjonsprosjektet eHjerteRehab ønskjer vi å gjera noko med akkurat dette.

Publisert 29.11.2024
En person sitter på en stol og løfter hendene foran en skjerm
Vibecke Løckra, spesialist i hjarte- og lungefysioterapi frå St. Olavs Hospital, deler si erfaring med livetrening.

eHjerteRehab er eit skreddarsydd, tverrfagleg og digitalt hjerterehabiliteringsprogram der pasientane kan delta frå si stove på tidspunkt som passar for dei. Ein del av programmet inneber moglegheit til å delta på digital trening i sanntid saman med fysioterapeut og andre deltakarar i eHjerteRehab. Ved oppstart av programmet vert deltakaren sin fysiske kapasitet testa på tredemølle, slik at ein saman kan laga ein plan som passar for kvar enkelt. Gjennom dei 12 vekene som programmet varer kan ein også trena på eigahand når ein måtte ønskje, i tillegg til livetreninga. Treninga inneber ulike øvingar og er basert på intervallar der ein kun brukar eiga kroppsvekt. Når programmet er gjennomført vert deltakarens fysiske kapasitet testa på nytt, slik at ein kan sjå resultatet av treninga.

En dataskjerm med flere personer som deltar i digitalt møte
Testing av livetrening, leia av fysioterapeut Eline Moen frå Voss sjukehus. 

Den 13. november gjekk startskotet for testing av livetreninga, der fysioterapeut Eline Moen frå Voss sjukehus leia eHjerteRehab-teamet trygt gjennom ei testøkt. Her fekk teamet testa både tekniske funksjonar og moglegheiter i programmet.

Den 22. november kom Vibecke Løckra, spesialist i hjarte- og lungefysioterapi frå St. Olavs Hospital, for å dele si erfaring med livetrening. Dette er eit område som ho, saman med sine kolleger, har arbeidd med i fleire år. eHjerteRehab teamet, inkludert 10 fysioterapetar frå Haukeland universitetssjukehus, fekk delta på ein full treningstime saman med sporty pasientar frå Trondheim, og kjende på både melkesyre og sveitteperler. Teamet var strålande nøgd med gjennomføringa, og gler seg til å komme vidare med uttesting av andre delar av programmet.