Sykepleiesymposiet 2017

Den 1. november 2017 blei Sykepleiesymposiet arrangert for 15. gong med eit variert og innhaldsrikt program. PROCARD forskingsgruppe bidrog med eit munnleg foredrag og fem posterpresentasjonar.
Lars Steinsvik.Foto
 

​Gratulerer så mykje til Lars Johan Steinsvik, Mottaksklinikken ved HUS (og rettleiar Nina Fålun, PROCARD Forskingsgruppe) for pris for beste vitskaplege poster med tittel: "Er vi raske nok? - Ei skildring av tidsrammer gjennom akuttmottak hjå pasientar med mistenkt akutt koronarsjukdom".

Gratulerer også til Lene Markhus med flott presentasjon av: «Ingen snakkar med meg om dette» - seksuell dysfunksjon hos kvinner med hjartesvikt.