Suksess med hjertesviktkoordinator i Askøy

Hjartesviktpoliklinikken ved Hjarteavdelinga på Haukeland og Askøy kommune samarbeider i eit nytt hjartesviktprosjekt, og har etablert landets første hjartesviktkoordinator.

Prosjektet starta hausten 2016. I prosjektet blir pasientane følgt med heimebesøk etter innleiande konsultasjonar ved Haukeland. Det blir også satsa på kompetansehevande tiltak i heimesjukepleie og ved Korttidsavdelinga på Kleppestø sykehjem. Tverrfagleg kommunal pasientoppfølging frå fastlege, fysioterapeut, ergoterapeut med fleire er integrert i tilbodet. Legar ved Hjartesviktpoliklinikken (HUS) bidrar med fagleg vurdering og rettleiing ved ulike medisinske problemstillingar.

Kaja Hole Olsen er spesialsjukepleiar i kardiologisk sjukepleie på Askøy. Ho er også landets første hjartesviktkoordinator i primærhelsetenesta - saman med kollegaen sin, Linda Næss. I prosjektet er det eit tett samarbeid med Nina Fålun som leiar Hjartesviktpoliklinikken ved Haukeland, der Kaja har 30 prosent stilling for spesielt å følge pasientar frå Askøy.

​Tore Johansen (71) har hatt fleire hjarteinfarkt. Det siste halve året har han jamleg hatt besøk av hjartesviktkoordinator Kaja Hole Nilsen, og han håper dette blir eit tilbod alle pasientar med hjartesvikt kan få del i.

Sjå saka om Tore Johansen og Hjartesviktprosjektet på TV 2 Nyhetene