Stormøte i eHjerteRehab
Den 17.november 2022 vart det heldt stormøte i eHjerteRehab. Hjartepasientar og deira pårørande, samt alle som jobbar med pasientgruppa vart invitert til seminar i Bikuben, Haukeland universitetssjukehus.
eHjerteRehab er eit digitalt rehabiliteringsprogram for pasientar som har gjennomgått utblokking av hjartets kransårar. Programmet har som målsetjing å styrka evna pasientar har til å ta styring over eiga helse og gjera nødvendige livsstilsendringar for å førebygge nye hjartehendingar.
Den 17. november 2022 var hjartepasientar og deira pårørande, og alle som jobbar med pasientgruppa invitert til seminar i Bikuben.
Professor Jan Schjøtt leia oss gjennom dagen, og det var spennande og relevante foredrag. Prosjektleiar professor Tone M Norekvål starta møtet med å gje ei innføring og statusoppdatering for kor langt ein er kome med prosjektet før me fekk høyre fleire spennande innlegg.
Professor Eva Gerdts heldt innlegg om Hjartehelse og 1.amanuensis Tine Nordgreen presentere 10-års erfaring med nettbasert behandling. 1. amanuensis Inger Lise Aksetøy fortalde om Trening som medisin og overlege Gard Svingen held innlegg om Sekundærførebygging etter hjarteinfarkt.
Andre halvdel av dagen vart det heldt arbeidsmøter med parallelle sesjonar. Det ble heldt møte med brukerrepresentantane då brukarmedverknad står sterkt i prosjektet, og deira erfaringar og innspel til utforminga av programmet er viktig.
Det ble også heldt møte som omhandla trening i eHjerteRehab kor ein blant anna fekk diskutert korleis ein best mogleg kan leggja til rette for nettbasert trening for pasientane som skal delta i eHjerterehab, og ein fekk høyre erfaringar andre har gjort seg med nettbasert trening. Det er viktig å få ei god forankring av prosjektet og få til eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane som er involvert. Representantar frå både sjukehus og kommunar kom med innspel på korleis ein best mogleg kan få dette til.
Dagen vart avslutta med ei oppsummering av arbeidsmøta, og tankar om vegen vidare for eHjerteRehab.