Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Søk etter digital helseinformasjon etter gjennomgått utblokking av hjartets kransårar

Elektroniske helsekjelder (eHelse) har eit stort potensial for å forbetra tilgangen pasientar har til helseinformasjon og som sekundær førebygging etter utblokking av hjartets kransårer. Ein ny artikkel frå CONCARDPCI-prosjektet har sett på samanheng mellom pasientars eHelsekompetanse og bruk av internett til å finne helseinformasjon etter utblokking av hjartets kransårer (PCI).

Publisert 07.12.2022
e-Helseteknologi er kjelde til stadig veksande mengder helseinformasjon. I kva for ein grad pasientar som har gjennomgått utblokking av hjartets kransårar(PCI) er digitalt aktive og har tilstrekkelig elektronisk helsekompetanse (e-Helsekompetanse), er derimot uvisst. Hensikta med studien var å undersøke i kva for ein grad pasientar som har gjennomgått PCI er digitalt aktive på helsenorge.no og om dei nyttar internett for å finne helseinformasjon ved baseline, to og seks månader etter PCI. Samstundes som me undersøkte samanhengen mellom pasientanes e-Helsekompetanse og deira helserelaterte digitale aktivitet. 

Hovudfunn frå studien

Med utgangspunkt i data frå dei norske universitet sjukehusa fann me at dei fleste at pasientane i studien hadde tilgang til internett (94%), og nytta internett til å finne informasjon om helse (67%). Gjennomsnitt eHEALS-skår (eHelsekompetanse) målt ved baseline var 25,71 (SD 6,22), en lågare skåre samanlikna med tidligare studiar. Me fann ein betydelig samanheng mellom pasientanes nivå ev eHelsekompetanse og bruk av internett til å finne helseinformasjon, og grad av bruk av helsenorge.no ved baseline. Vidare fann me at det ved to månaders oppfølging var ein betydelig samanheng mellom pasientanes grad av e-Helsekompetanse målt ved baseline og bruken av internett for helseinformasjon og bruk av helserelaterte app’ar på nettbrett og mobiltelefon.  

Studien er ein del av CONCA​RDPCI 

Funna frå studien er nyleg publisert i ein artikkel om bruk av eHelseteknologi og eHelsekompetanse etter perkutan koronar intervensjon (PCI) i det internasjonale tidsskriftet European Journal of Cardiovascular Nursing. 

​Resultata frå denne studien blei òg presentert som ein posterpresentasjon ved eHelsekonferansen 2022 i Oslo. Posterpresentasjonen ble tildelt 1.plass som beste posterpresentasjon, og førsteforfattar Kristin J. Ramstad vart invitert til å halde innlegg under konferansens forskersprint.  

poster