Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Slik opplevast delirium og søvnproblem

«…når eg lukka augo dukka dei opp….» ein intervjustudie av pasientar over 80 år sine opplevingar av søvnproblem og delirium.

Publisert 25.01.2021
Sist oppdatert 04.10.2023
Eldre person ligger i seng, tankefullt blikk. Foto
Søvnproblem og delirium er komplikasjonar ein ofte ser hos eldre pasientar. I denne artikkelen beskriv Hege Andersen Amofah og medforfattarane korleis pasientar over 80 år, som har hatt delirium etter skifte av hjarteklaffen, opplevde søvnproblem og delirium mens dei var innlagde på sjukehuset.

Dybdeintervju av ti personar over 80 år som hadde opplevd delirium etter kirurgisk aortaklaff kirurgi (AVR) og transkutan aortaklaff implantasjon (TAVI), viser at dei sleit med å sove på sjukehuset etter inngrepet. Fire år etter inngrepet hugsar dei både deliriet og søvnproblema godt. 

Dei seier at det verste var å sovne om kvelden, mest på grunn av deliriet; med ein gong dei lukka auga såg dei uverkelege ting. Dei hadde også problem med at dei vakna opp i løpet av natta, slik at dei ikkje fekk ein god kvalitet på søvnen. Dei formidla at dei følte seg einsamme og redde på grunn av deliriet, og ville gjerne hatt ei hand å halde i. Andre forhold som påverka søvnen og deliriet, var det medisinske utstyret, i tillegg opplevde dei fysisk ubehag, som smerter og tung pust. Det at dei sov dårleg om natta gjorde at dei var trøtt på dagtid, noko som igjen førte til at dei småsov på dagen og dermed var i lite aktivitet. Fire år seinare sov dei fortsatt dårleg, men ikkje på grunn av det tidlegare deliriet. Mange hadde lært seg gode teknikkar for å sove.

Søvnproblem og delirium må få større merksamheit i helsevesenet slik at både pleie og behandling kan forbetras.

Les heile artikkelen