Seminar om Delirium (akutt forvirringstilstand) hos pasientar i sjukehus

James Rudolph, ein av dei mest anerkjende forskarane innan delirium, gjestar Bergen og Haukeland universitetssjukehus med foredrag om temaet; “Changing Delirium Practice: Challenges and Opportunities.”

 

​Delirium, ei plutseleg endring i mental status, er ein alvorleg komplikasjon hos hospitaliserte pasientar som forlenger sjukehusopphaldet, aukar risiko for død, og kan medføre langvarig nedsetting av hjernefunksjonen. Seminaret er 24. august kl. 12.00-13.30 i Birkhaugsalen, Haukeland universitetssjukehus 3. et., og er opent for alle.

Les meir informasjon om seminaret her (pdf)