PROCARD-gruppen deltok på årets EuroHeartCare-kongress i Jönköping

PROCARD forskningsgruppe ved Høgskulen på Vestlandet og Haukeland universitetssjukehus hadde i år heile 9 påmeldte deltakarar.

Gruppebilde utenfor konferansebygg. Foto
 

Tone Norekvål var moderator under første symposium med tittelen "ESC guidelines, what`s new, what changes in practice are needed to ensure their implementation". Eit breitt spekter av føreleserar (frå Tromsø, London, Melbourne og Norrkøping) gav ei oppdatering på «Be guideline smart», «Introduction to changes in the new ESC preventive guidelines, «New BLS and ACLS guidelines» og «New heartfailure guidelines».

Kjersti Oterhals og Leslie Eide deltok i første «Moderated poster»-sesjon. Leslie Eide presenterte sin poster med tittel: "Urinary catheter use and delirium after aortic valve therapy", deretter presenterte Kjersti Oterhals sin poster med tittel: "Gender differences insomnia and the closing sound from mechanical heart valves". Begge hadde flotte presentasjonar, og Leslie Eide fekk prisen for beste "Moderated poster" i denne sesjonen, noko som var stor stas for forskingsgruppa.

Vidare var forskingsgruppa sine medlemmar representert i poster-sesjon ved; Nina Fålun med "Nurses experience in and practice with writing diaries to critical ill patients", og Hege Andersen Amofah med "Factors affecting in-hospital sleep-wake pattern in octogenarians during the early postoperative phase after transcutaneous aortic valve replacement".

Irene Valaker deltok med posteren "Relational continuity with healthcare providers after percutaneous coronary interventions: the patient perspective" og Irene Instenes med "A qualitative study on how octogenarians experience relatives and health professionals when being in a delirious state after aortic valve therapy". Irene Instenes sin poster fekk "Top score poster".

Siste sesjon på kongressen var Oral abstract session – Doctoral Students. Hege Andersen Amofah gjorde ein flott presentasjon med tema "Factors associated with disturbances in sleep-eake pattern in octogenarian patients in the early postoperative phase after surgical aortic valve replacement".