Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Patient-reported challenges to medication adherence after percutaneous coronary intervention

Trond Røed Pettersen disputerte 08.12.2022 for Ph.d-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Patient-reported challenges to medication adherence after percutaneous coronary intervention».

Publisert 05.01.2023
Sist oppdatert 06.01.2023
Gruppebilde av phd kandidat Røed Pettersen, opponentar og leier av disputas.

​​​Trond Røed Pettersen er den andre kandidaten som disputerte på data frå den prospektive multisenter kohortstudien CONCARDPCI, som inkluderte 3417 pasientar som fekk utført perkutan koronar intervensjon (PCI) ved sju norske og danske universitetssjukehus. Les meir om CONCARDPCI.

I Noreg blir omkring 12 000 pasientar årleg behandla med PCI som følgje av koronar hjartesjukdom. God medikamentetterleving er avgjerande for å betra risikoprofilen til pasienten, og det overordna formålet med avhandlinga var å utforska, beskriva og evaluera utfordringane pasientar opplever med å følgja eit foreskrevet medikamentregime etter PCI. Sjølv om det er gjort store framsteg for å betra forståinga av medikamentetterleving og innflytelsen den har på klinisk praksis, er etterlevelsesrater låge for pasientar med koronar hjartesjukdom. Ved hjelp av både kvalitativ og kvantitativ metodar har studien bidrege til å utvikle ei forståing av dei mangesidige utfordringane pasientar opplever ved å etterleva komplekse medikamentsregimer etter PCI. Utfordringane med medikamentetterleving vart beskrivne å vera på individ-, organisasjons- og systemnivå. Pasientane uttrykte at dei fekk for lite informasjon om medikament, biverknader og alvorsgrada av hjartesjukdommen deira. Samstundes beskreiv dei vanskar med å ta til seg informasjon som vart gitt som følgje av ein hektisk sjukehussituasjon. Funna belyser viktigheita av ei strukturert oppfølging etter PCI. Synonympreparat (kopimedisinar) vanskeleggjorde medikamentetterleving, og pasientanes oppfatning av synonympreparat var signifikant meir negativ to månader etter PCI enn etter seks månader. Likevel rapporterte ein tredjedel av pasientane uvisse og skepsis til synonympreparat seks månader etter PCI. Meir enn 40% av pasientane rapporterte biverknader frå anbefalte medikament ved alle måletidspunkt. Eit overraskande og viktig funn var at dei som vart informert om moglege biverknader frå anbefalte medikament rapporterte signifikant færre biverknader og lågare grad av bekymring enn dei som ikkje vart informert. ​

Oppgitt emne for prøveforelesinga var «What is the human and societial ‘cost’ of non-adherence to medication?”. Pettersen heldt ei flott og informativ forelesing om emnet, til umiddelbar godkjenning frå opponentane. 

Professor emeritus Ernst Omenaas leia disputasen. 1. opponent var professor Felicity Astin frå The Open University, UK, og 2. opponent var Førsteamanuensis Torstein Hole frå Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet. Leiar av komiteen var førsteamanuensis Reidun Kjome frå Universitetet i Bergen. Opponentane hadde førebudd gode og klinisk relevante spørsmål som lét kandidaten få visa det solide arbeidet som var lagt ned i studien. Det vart ein riktig god og vitskapleg diskusjon mellom opponentane og kandidaten til stor glede for alle i salen. 

Trond Røed Pettersen er tilsett ved Hjarteavdelinga på Haukeland Universitetssjukehus, og som høgskulelektor ved Høgskulen på Vestland. Doktorgradsarbeidet er utført ved Hjarteavdelinga, Haukeland universitetssjukehus, og utgår frå det Medisinske fakultetet, Klinisk institutt 2 ved Universitetet i Bergen. Professor Tone M. Norekvål har vært hovudrettleiar, medan professor Bjørn Bendz, senior professor Bengt Fridlund og professor emeritus Jan Erik Nordrehaug har vore med-rettleiarar. Pettersen er utdanna sjukepleiar, med vidareutdanning i kardiologisk sjukepleie, og master i klinisk sjukepleie. 

Les meir her: Medikamentetterlevelse etter utblokking av kransårene | Nye doktorgrader | UiB

Foto av opponenter i et auditorium

Det vart ein riktig god og vitskapleg diskusjon mellom opponentane og kandidaten til stor glede for alle i salen. 

Foto av Trond Røed Pettersen  som holder forelesning

Pettersen heldt ei flott og informativ forelesing om emnet, til umiddelbar godkjenning frå opponentane.

​​​

Røed Pettersen får blomster og gratulasjoner