Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientsentrert pleie og behandling av pasientar med ventrikulære arytmiar og risiko for brå hjartedød

Ny artikkel kommenterer på ESC Guidelines 2015 og inklusjon av anbefalingar grunna i forsking på pasientrapporterte data.

Publisert 18.04.2017

Norekvål deltok i ekspertgruppa som utarbeidde dei siste retningslinjene frå ESC på feltet i 2015.

Saman med to andre deltakarar i ekspertgruppa har ho no publisert denne artikkelen som diskuterer den nyaste forskinga innan feltet, og set fokus på viktige tema for sjukepleiarar og det øvrige teamet som deltek i pleie og behandling av desse pasientane.

Ei av dei nye anbefalingane inkludert i desse retningslinjene er at konsekvensar for livskvalitet skal diskuterast med pasienten før implantasjon av ICD.

Denne Klasse 1-anbefalinga er også på lista over 10-på-topp anbefalingar frå desse guidelines. Eit viktig kapittel er også omtale av tilhøve rundt livets slutt, og vurderingar knytt til deaktivering av ICD’en.

Les heile artikkelen her: https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/28372463