Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny postdoktor skal undersøkja langtidskonsekvensar av delirium etter avansert hjartebehandling

Leslie SP Eide har blitt tilsett i stilling som postdoktor for prosjektet «Delirium in octogenarians undergoing cardiac surgery or intervention – CARDELIR».

Publisert 23.08.2022
Leslie SP Eide frå forskingsgruppa PROCARD har blitt tilsett som postdoktor i CARDELIR-studien CARDELIR . Ho starta i stillinga 1. august. 
Det er estimert at innan få år vil Noreg ha nesten dobbelt så mange 80-åringar som i dag. I takt med denne dramatiske auken får eldre pasientar, oftare enn før, tilbod om avansert hjartebehandling i form av tradisjonell hjarteklaffkirurgi (SAVR) og transfemoral aortaventil implantasjon (TAVI). Desse er behandlingsmetodar tiltenkt alvorleg forsnevring av hjartets aortaklaffar (aortastenose), ein tilstand som kan føra til alvorlege konsekvensar dersom den blir verande ubehandla.
leslie

Leslie SP Eide har blitt tilsett i stilling som postdoktor for prosjektet «Delirium in octogenarians undergoing cardiac surgery or intervention – CARDELIR».



CARDELIR-studien belyser eit viktig, men tildels ukjent forskningsområde: hjartepasienter i aldersgruppe 80+ og delirium (akutt forvirring). CARDELIR har inntil no fokusert på førekomst, utvikling og konsekvensar av delirium hos individ 80+ med behov for SAVR eller TAVI. Studien har mellom anna avdekt at delirium er ein vanleg og uheldig komplikasjon etter invasiv hjartebehandling for aortastenose, at pasientane som vart behandla med SAVR utvikla delirium oftare og at delirium etter SAVR var meir uforutsigbar i det postoperative forløpet enn etter TAVI.

Dei neste to åra skal Eide, saman med andre medlemmar av PROCARD gruppa og internasjonale forskarar, sjå nærare på fleire kliniske variablar og på pasientrapporterte data før og etter behandling med SAVR og TAVI. Det er lite kunnskap om langtidskonsekvensar (10 år) av delirium generelt og innan dette feltet spesielt. Auka kunnskap innafor dette feltet vil komma framtidige pasientar til gode.


​​Kompetansen og arbeidskvardagen til postdoktoren

Leslie SP Eide har bachelorgrad i både gerontologi og i sjukepleie, samt mastergrad i gerontologi frå USA. Ho disputerte for PhD-graden i 2016 med avhandlinga “Delirium after Aortic Valve Therapy - A Prospective Cohort Study of Octogenarian Patients following Surgical Aortic Valve Replacement and Transcatheter Aortic Valve Implantation” [https://www.uib.no/nye-doktorgrader/99798/delirium-etter-hjerteklaffkirurgi-hos-de-eldste-eldre] og har vore tilsett som førsteamanuensis ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen.
Postdoktorstillinga er finansiert av Høgskulen på Vestlandet.