Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

NBCC 2023 på Island 7.-10.juni

PROCARD forskingsgruppe var godt representert under årets Nordiske-Baltisk kongress i kardiologi i Reykjavik i starten av juni.

Publisert 26.06.2023

Nina vann og pris for beste abstrakt presentasjon. Juryen vart imponert over metoden som var nytta i studien, og måten metoden o

Nina vann og pris for beste abstrakt presentasjon. Juryen vart imponert over metoden som var nytta i studien, og måten metoden og funna vart presentert på.

Årets Nordisk-Baltiske kongress i kardiologi gjekk av stabelen 7.-10.juni i Reykjavik. I år var det eit særs godt kongressprogram med ein miks av kvalitetsforbetring i klinisk praksis, god forsking og sterke historier frå pasientar som minner helsepersonell på at vi må huske å sjå personen bak sjukdommen.

PROCARD forskingsgruppe var godt representert under kongressen med inviterte foredrag, abstrakt presentasjoner og chair oppdrag.

Tone M Norekvål avslutta første dagen med ein presentasjon om eHjerteRehab eHjerteRehab - Helse Bergen (helse-bergen.no) til god respons frå salen. Mellom anna var det spørsmål om refusjonsordningar. Dette er tydeleg ei utfordring når ein etablerer digitale helsetenestetilbod. eHjerteRehab har potensiale til å bli eit viktig tiltak for å oppfylle Klasse I anbefalingane i europeiske retningsliner som anbefaler tverrfagleg hjarterehabilitering. At dette vert eit berekraftig tiltak er eit stort mål, og refusjonsordningane må då fungere.

Dag 2 starta Trond R Pettersen dagen med sitt innlegg; “Informing patients about potential adverse drug reactions after percutaneous coronary intervention reduces the occurrence of self-reported adverse drug reaction”. Biverknader frå behandling er vanleg hos pasientar med hjarte- og karsjukdommar. I CONCARD-studien fann me at meir enn 40% av pasientane rapporterte å ha opplevd biverknader frå behandling ved alle måletidspunkt. Kvinner rapporterte signifikant fleire biverknader enn menn ved alle måletidspunkt. Opplevde biverknader kan òg oppstå som følgje av nocebo effekten, eit fenomen kor negative forventningar fører til forverring av eit symptom. Helsepersonell kan derfor vera tilbakehalden med informasjon om biverknader fordi ein er redd for å påføra pasientane biverknader. I CONCARD-studien fann me likevel at dei som fekk informasjon om biverknader rapporterte signifikant færre biverknader og mindre bekymringar knytt til anbefalt behandling enn dei som ikkje fekk informasjon. Sjølv om kvinner rapporterer fleire biverknader frå behandling er det nettopp dei som får minst informasjon om biverknader.

Kongressen vart avslutta med en Oral abstract presentation competition. 

I sesjonen fekk deltakarane moglegheit til å halde ein presentasjon av sitt abstrakt samstundes som publikum fekk stille spørsmål. 

Tone M Norekvål presenterte sitt abstrakt “Perfect health not so perfect after all – the use of generic and disease-specific patient-reported outcomes measures in description of health in 2574 patients following PCI”. Pasientrapporterte utfallsmålingar (PROMs) er avgjerande for å fanga opp helse- og sjukdomsstatusen til pasientar. Formålet var å bestemma golv- og takeffektar av eit generisk helseverktøy i ein multisenter kohort av pasientar etter perkutan koronar intervensjon (PCI) og vidare utforska dei med perfekt helseskår ved å bruka eit sjukdomsspesifikt instrument. For å få eit nøyaktig bilete av helsetilstanden til pasienten, er både generiske og sjukdomsspesifikke PROMs nødvendig for å fanga opp distinkte problem pasientar opplever etter PCI.

Kristin J Ramstad presenterte sitt abstrakt “Co-creation in the development of a digital cardiac rehabilitation programme”. Samskaping og pasientinvolvering er sentralt i utviklinga av nye digitale tenester, og her blei det presentert erfaringar frå ein samskapingsprosess ved utvikling av eit digitalt hjarterehabiliteringsprogram. I samskapingsøktene var det opplevde engasjementet høgt. Pasient-representantar la vekt på at eHjerteRehab burde tilby ein meir personleg intervensjon med skreddarsydde mål og registreringsaktivitetar for å motivera pasientar til å overvinna barrierane sine for etterleving. Samskaping gir moglegheit for utvikling av ein meir skreddarsydd intervensjon. Difor er det sentralt å gjera samskapingssesjonar til ei trygg plattform for deling. 

Nina Hjertvikrem presenterte sitt abstract “Attribute development for a discrete choice experiment to elicit patient preferences for a digital cardiac rehabilitation programme: a qualitative study”. Eit discrete choiceexperiment er ein metode for å få fram pasientpreferansar, kor attributtutviklinga er eit avgjerande skritt. Studien tek sikte på å utvikla attributtar som får fram pasientars preferansar for eit digitalt hjarterehabiliteringsprogram. Tolv attributtar vart sett på som viktige. Etter rangering og diskusjon i fleire møter med bruker representantar vart talet på attributtar redusert til fem. Kvalitative metodar kan auka kvaliteten på attributtar, i tillegg til å hjelpa til med å avgrensa og tydeleggjera språket. 

Nina vann og pris for beste abstrakt presentasjon. Juryen vart imponert over metoden som var nytta i studien, og måten metoden og funna vart presentert på.