Kva er rett og kva er galt i digital heimeoppfølging?
Nasjonalt senter for e-helseforskning har en webinarserie om digital heimeoppfølging. I nyaste episode deltok Trond Røed Pettersen og Leonora Bergsjø frå eHjerteRehab, og tema for webinaret var digital etikk i heimeoppfølging.
I arbeidet med digital heimeoppfølging har det lenge vært fokus på effektive og funksjonelle digitale løysinger, og mindre fokus på dei etiske aspektane. Korleis kan me sikre at løysningane blir etisk forsvarlege?
Leonora Bergsjø og Trond Røed Pettersen belyste temaet i webinaret om digital etikk. Som eksempel på etisk heimeoppfølging brukast eHjerteRehab
eHjerteRehab er eit prosjekt under utvikling og uttesting, og er eit digitalt hjarterehabiliterings program for pasientar som har gjennomgått utblokking av hjartets kransårar. Bergsjø leiar arbeidspakka om etikk i prosjektet, medan Pettersen er prosjektkoordinator.