Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kick off for eHjerteRehab

I starten av desember var det Kick off for NFR-finansierte eHjerteRehab. Helsepersonell på tvers av avdelingar og sektorar, hjartepasientar og deira pårørande, samt samarbeidspartnarar var invitert til heildagsseminar i Bikuben på Haukeland universitetssjukehus.

Publisert 29.01.2024
En gruppe mennesker som sitter ved bordene

eHjerteRehab er eit digitalt rehabiliteringsprogram for pasientar som har gjennomgått utblokking av hjartets kransårer. Programmet har som målsetjing å styrke evna pasientar har til å ta styring over eiga helse og gjere nødvendige livsstilsendringar for å førebygge nye hjartehendingar. Så langt har prosjektet fått både innovasjons- og forskingsmidlar frå Helse Vest. Norges forskingsråd (NFR) har no tildelt eHjerteRehab 16 millionar kroner til digital rehabilitering av hjartepasientar, og arrangementet 4. desember markerte starten på NFR-forskingsprosjektet.

 

Dagen inneheldt spennande og relevante foredrag, og professor Jan Schjøtt leia forsamlinga gjennom dagen. Assisterande fagdirektør i Helse Vest, Ola Jøsendal, starta dagen med eit innlegg om Innovasjon i helsetenesta – fokus i Helse Vest. Han vart etterfølgt av viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Randi-Luise Møgster, som tok for seg Digitale helsetenester i eit samhandlingsperspektiv. Ho framheva kor viktig det er å ikkje berre tenke på korleis, men etablere eit kvifor! Slik vil ein lettare klare å etablere ei endringsreise.

-Vi må hugse på hjernen! Den er ikkje interessert i å endre seg, så vi må introdusere nye måtar å tenke på, sa Møgster. 

En person som holder en presentasjon
Viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Randi-Luise Møgster, tok for seg digitale helsetenester i eit samhandlingsperspektiv.

Prosjektleiar og professor Tone M Norekvål gav ei statusoppdatering for kor langt ein er kome med prosjektet før deler av eHjerteRehab-programmet vart vist fram til god respons frå publikum.

Professor Eva Gerdts framheva at vi må slutte å oppfatte hjartesjukdom som noko som berre rammar menn. Heile 35% av førstegongs hjarteinfarkt i 2021 ramma kvinner.

Professor Christian Moltu heldt innlegg om det viktige temaet Mental helse ved akutt kritisk sjukdom, etterfølgt av spesialfysioterapeut Vibeke Løckra sitt innlegg om Trening som medisin og 1. amanuensis Leonora Bergsjø sitt innlegg om Digital etikk. Bergsjø utfordra publikum til eit tankeeksperiment, og gav ein rask gjennomgang av fokuset ein må ha i den digitale verda.

-Psykiske vanskar, labilitet og overveldelse er ein normal kriserespons på akutt kritisk sjukdom, sa professor Moltu.

Postdoktor og prosjektkoordinator Trond R Pettersen heldt innlegg om medikamentetterleving, og framheva kor viktig det er å informere pasientane om medisinane deira, og ikkje minst om moglege biverknader. For som han sa:

- Medisinar verker ikkje hos pasientar som ikkje tek dei!

Merete Landaas, som er med i brukargruppa til eHjerteRehab, heldt innlegg om Brukarperspektivet i eHjerteRehab, kva brukarmedverknad er og korleis det skal nyttast. Brukarar skal inkluderast tidleg i prosjektet, haldast informert, og dei skal kunne føle at dei kan stå inne for sluttresultatet. Samstundes rosa ho teamet i eHjerteRehab for å gjera nettopp dette.

-Vi blir både sett og høyrt, og meiningane våre betyr noko, understreka Landaas.

Fastlege og tenesteleiar Jan Ove Tryti presenterte Fastlegeperspektivet på digitale helseprogram, mens associate professor Janet Vroomen frå Universitetet i Amsterdam avslutta dagen med fokus på Kostnadseffektivitet av digitale helseprogram.