Follow AVR - oppfølging av pasientar etter klaffekirurgi

Om lag 2 av 100 personer over 75 år utviklar aortastenose, og førekomsten aukar med aukande alder. Behandlinga er innsetting av mekanisk eller biologisk hjarteklaff ved open hjartekirurgi (AVR) eller kateterbasert metode (TAVI).

eldre ektepar

Colourbox

Kva er aortastenose?

Aortaklaffen er ein av 4 hjarteklaffar og styrer straumen av blod frå hjertet til resten av kroppen. Dersom denne klaffen blir for trong, kallas det aortastenose (aortaforsnevring).

Hensikta med studien

Hensikta med denne studien var å undersøke faktorar som påverkar fysisk og mental helse hjå personar med aortastenose; både dei som blir operert med klaffekirurgi, og de som ikkje er eigna for kirurgisk behandling. Dei som ikkje var operert då dei fekk tilsendt spørjeskjema, ble følgd i 18 månadar angåande vidare behandling og overleving. I tillegg hadde studien til hensikt, ved hjelp av intervju, å få ei djupare forståing for korleis dei som har fått implantert mekaniske klaffar tilpassar seg å leve med denne.

Gjennomføring av studien

Alle som var behandla for aortastenose med open hjartekirurgi på Haukeland frå 2000-2012 var invitert til å delta i studien. Data er samla inn frå 1048 pasientar både ved hjelp av spørjeskjema og data frå pasientjournalen. Heile 77% av dei som fekk tilsend spørjeskjema svara på dette. Data på fysisk og mental helse vart samanlikna med data frå den generelle norske befolkning. I tillegg vart 20 personar intervjua om korleis det var å tilpasse seg å leve med mekanisk hjarteklaff.

Studien gjev oss viktig informasjon om kva oppfølging pasientar med aortastenose har behov for både før og etter kirurgisk behandling.

Finansering: Helse Vest, Helse Bergen og Norsk Sjukepleierforbund.

Prosjektet har generert 1 PhD, samt 4 mastergrader og fleire fordjupingsoppgåver i klinisk kardiologisk sjukepleie.

Resultat frå studien

Faktorar som har samanheng med lågare helse etter klaffekirurgi.
I alt 912 pasientar (77%) svara på spørjeskjema. Av dei var 63% menn, og snitt alder var 63 år. Tid sidan operasjonen var i snitt 7 år. Dei faktorane som hadde samanheng med dårligare helse var: lav utdanning, stor grad av symptom av sjukdommen, andre sjukdommar i tillegg til aortastenose, angst og depresjon, samt det å leva åleine. Både menn og kvinner rapporterte lågare fysisk og mental helse enn dei på lik alder i den generelle befolkning, særs dei i høgare aldersgrupper. Pasientar som skal gjennomgå klaffe kirurgi bør screenes for mentale risikofaktorar før operasjonen. Eit individualisert tilpassa rehabiliterings program kan betre helse hos dei som har gjennomgått klaffekirurgi.

Les artikkelen

Symptom på aortastenose verkar inn både på fysisk og mental helse.
Av dei som svara på spørjeundersøkinga, var 136 ennå ikkje behandla med kirurgi. Dei var i snitt 79 år, 53% var menn, og 77% av dei hadde ei symptomatisk aortastenose. Tung pust var det hyppigaste symptomet. Dei som hadde symptom rapporterte lågare fysisk og mental helse samanlikna med dei som ikkje hadde symptom. Dei hadde og høgare førekomst av angst og depresjon. Etter 18 månader var 117 (86%) fortsatt i live, 20% var behandla med open hjartekirurgi, og 7% med karteterbasert metode (TAVI). Mange av pasientane som hadde symptom på aortastenose og kliniske funn på alvorleg aortastenose, var ennå ikkje operert 18 månadar seinare til tross for anbefalingar frå internasjonale retningslinjer.

Les artikkelen

Dei fleste tilpassar seg godt å leve med ein mekanisk hjarteklaff.

Dei som vart intervjua var mellom 24 og 74 år. Dei tilpassa seg det å leve med ein mekanisk hjarteklaff på ulike vis. Det å måtte bruke blodtynnande medisin (Marevan) for resten av livet, var det som ble sett på som mest plagsamt. For nokon var den høyrbare klikkelyden frå klaffen forstyrrande, særs når dei skulle sove, og i ulike sosiale settingar. Dei hadde lite kunnskap om korleis matvarer med vitamin-K påverkar blodverdiane. Me anbefal difor pasientane å delta i et rehabiliterings program etter operasjonen. Auka kunnskap kan gjere dei tryggare i å meistre sin egen helse. Fleire etterspurde mogelegheit til å måle INR og dosere blodtynnande medisin sjølv. Dette er no eit etablert kurstilbod i Helse Bergen.

Les artikkelen

Kardiologiske sjukepleiarar har lite kunnskap om behandling med Marevan.
Et av funna i intervjustudien over var at pasientane hadde lite kunnskap om interaksjonar mellom Marevan og ulike medisinar og matvarer med høgt innhald av vitamin-K. På en Europeisk kongress undersøkte me difor i 2013 kva kunnskap kardiologiske sjukepleiarar hadde om dette. Resultata viser at kardiologiske sjukepleiarar har behov for auka kunnskap på dette området. Dette er viktig for at dei skal kunne gje pasientane optimal pleie og for å minske alvorlige biverknader av behandlinga.

Les artikkelen

Forskingsleiing
Kjersti Oterhals; Fag- og forskings sjukepleiar, Hjarteavdelinga, Haukeland Universitetssjukehus og 1. amanuensis Høgskulen på Vestlandet
Telefon:  55 97 49 97
Kjersti.oterhals@helse-bergen.no

Tone M Norekvål; Professor i (kardiologisk) sjukepleie, Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet. Leiar for PROCARD Forskingsgruppe, Hjarteavdelinga, Haukeland Universitetssjukehus
Telefon: 55 97 36 49
tone.merete.norekval@helse-bergen.no

Fann du det du leita etter?