Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ærespris tildelt PROCARD-gruppas leiar

LHL ICD ærespris blei 4. oktober 2022 tildelt sjukepleiar og professor Tone M. Norekvål frå Hjarteavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus.

Publisert 06.10.2022
Bilde av kvinne med diplom og blomster
LHL ICD ærespris blei 4. oktober 2022 tildelt sjukepleiar og professor Tone M. Norekvål.
Pasientar med implantert hjartestarter (ICD) har sidan 2004 fått tilbod om å delta på ulike temamøter knytt til ICD. Tilbodet kom i gang som et samarbeid mellom Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke (LHL) ICD-gruppa og Tone M. Norekvål frå Hjarteavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus, og blei seinare vidareutvikla til årlige seminar rundt om i landet for ICD-bærare og deira pårørande arrangert av LHL ICD-gruppa. 

Frå 2015 fekk desse pasientane tilbod om å delta på to-dagars kurs ved Haukeland Universitetssjukehus der ein møter andre i same situasjon. Deltakarane får kunnskap om  hjartesjukdom og behandling, samstundes som dei får råd om korleis dei sjølv kan få til varige livsstilsendringar. Kurset blei etablert på bakgrunn av etterspurnad frå pasientane sjølve, som eit  samarbeid mellom LHL ICD-gruppa, Hjarteavdelinga og Lærings- og meistringssenteret (LMS). I dag får pasientar som får implantert ICD ved Haukeland Universitetssjukehus tilbod om oppfølgingskurset ved utreise frå sjukehuset. Fastleger og andre spesialister kan òg tilvise til kurset. 

LHL ICD-gruppas årlige seminar vart i år haldt i Bergen 3. og 4. oktober. Ved eit flott seminar for LHL sine ICD-bærare, pårørande og behandlarar blei Tone M. Norekvål tildelt den første norske æresprisen frå LHL. Gåva var sponsa av LHL Høyanger. 
LHL grunngjev tildelinga med at Tone er ei eldsjel som står på for å få gode resultat, og som gjennom sitt engasjement, arbeid og forsking har gjort ein ekstraordinær innsats for å gi ICD-bærarar og deira pårørande ein betre kvardag. Dette er ein pris som blir høgt verdsatt då den kjem frå pasientane og deira brukarorganisasjon.