Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Eit prosjekt frå PROCARD Forskningsgruppe

DelirPrevent

Avansert medisinsk behandling og kirurgiske prosedyrar blir i aukande grad tilbode den eldre delen av befolkninga. Dette er ei pasientgruppe med samansatte kliniske problemstillingar, noko som gjer dei sårbar for komplikasjonar og som krev ein multidisiplinær behandlingsstrategi.

Eldre mann med stokk
 

Delirium er ein alvorleg komplikasjon som manifesterer seg i fire sub-grupper (hyperaktivt delirium, hypoaktivt delirium, blanda delirium og inga undergruppe). Tilstanden medfører meirbelastning for pasienten, auka antall liggedøgn i sjukehus, kognitiv og fysisk reduksjon som ofte genererer behov for vidare institusjonalisering. For helsepersonell kan pasientar med delirium opplevast utfordrande og ressurskrevjande å handtera. Auka innsikt og kunnskap om delirium kan sikra god og rett ivaretaking av denne pasientgruppa.

Studiar har vist at ved å identifisera delirium på eit tidleg stadium, vil korrekte tiltak kunna setjast i verk og pasienten blir skåna for belastande symptom og behandling. DelirPrevent studien har som mål å auka kunnskap, kompetanse og medvit rundt tilstanden delirium hos helsepersonell som har pasientkontakt på tvers av medisinske og kirurgiske avdelingar ved Haukeland Universitetssjukehus.

På World Delirium Awareness Day (WDAD) gjennomførte PROCARD Forskingsgruppe ein punktprevalensundersøking for å kartlegga førekomst av delirium hos pasientar i aldersgruppa 65+. Fjorten avdelingar (8 kirurgiske og 6 medisinske) deltok i undersøkinga, og delirium vart identifisert ved bruk av det validerte screening-instrumentet 4AT. Undergruppene til delirium vart identifiserte ved hjelp av Delirium Motor Subtype Scale (DMSS). I forkant av undersøkinga vart løyve innhenta frå Personvernombodet. Undersøkinga vart òg forankra i sjukehusleiinga.

Alle inkluderte postar vart kontakta, og løyve til å gjennomføra screening vart innhenta både frå dei enkelte avdelingsdirektørane og seksjonsleiarane. Kontaktpersonar vart utpeika på kvar avdeling NTM1 , slik at organisering og gjennomføring av undersøkinga skulle vere mest mogleg ukomplisert. For å kvalitetssikre sjølve screeningprosessen vart standardiserte skjema nytta. Alle dei inkluderte avdelingane vart følgde tett opp i dagane før undersøkinga, og rutinar for gjennomføring vart nøye gjennomgått.

Frå PROCARD forskingsgruppe bidrog seks rutinerte sjukepleiarar inn i screeningprosessen. Alle hadde spesialkompetanse i forhold til eldre pasientar, og spesialkompetanse i forhold til delirium og bruk av screeningverktøy. Det var tydelege inklusjon- og eksklusjonskriterier for undersøkinga, og munnleg samtykke vart innhenta hjå alle deltakande pasientar.

Totalt 123 pasientar vart inkluderte i undersøkinga som strekte seg frå kl. 00.00 – 24.00, Erfaringa frå teamet var gjennomgåande at pasientane opplevde sjølve screeningprosessen positiv. Det var berre eit fåtal som ikkje ønskte å delta i studien. Screeningteamet kunne denne dagen konsentrera seg utelukkande om screeningprosessen og såleis tilpassa seg til rutinar, prosedyrar og pasientanes dagsrytme. I ein travel klinisk kvardag ville nok situasjonen vore heilt annleis. Dette var ei verdifull erfaring som vart tatt omsyn til ved implementering av screeningverktøy på utvalde avdelingar hausten 2019.

Karlegging av forekomst (artikkel frå intranett)

Bilet av screening-teamet. Fra venstre: Hege A. Amofah, Irene Instenes, Nina Fålun, Tone Norekvål og Trond Pettersen.

Bilet av screening-teamet. Fra venstre: Hege A. Amofah, Irene Instenes, Nina Fålun, Tone Norekvål og Trond Pettersen.

Hausten 2019 vart screening for delirium iverksett på Hjerteavdelingen og Lungeavdelingen ved Haukeland Universitetssjukehus. CAM vart i dette prosjektet pilotert som elektronisk utgåve i DIPS. I forkant av introduksjonen av den elektroniske utgåva, vart det nedlagt eit betydeleg arbeid av prosjektleiar og prosjektkoordinator i nært samarbeid med Seksjon for e-helse.

Ønsket var å knyta screening for delirium og CAM til «Trygg Pleie» plattforma, i og med at delirium er så nært knytt til fallrisiko, risiko for trykksår og risiko for underernæring. CAM er lagt under same «fane» i DIPS, og var dermed lett å navigera seg fram til. Arbeidet med elektronisk versjon av CAM innebar forutan tilpasning til DIPS utarbeiding av diverse brukarmanualar og nøyaktig brukarskildring til elektronisk kompetansehandbok (EK). I tillegg vart det utarbeidd materiell retta mot sjølve innføringsprosessen.

Sjølve innføringsprosessen ved dei ulike avdelingane innebar fleire seriar med undervisning om delirium, og dessutan ei grundig innføring i CAM som screeningverktøy. Alt vart nøye planlagt slik at det passa inn i den travle kliniske kvardagen til avdelingane. Undervisningsmodulane var tidsbegrensa til maksimum 30 minutt per gong, og det vart gjennomført 2 undervisningsbolkar per avdeling. Ved Lungeavdelingen vart det òg gjennomført undervisning om delirium på 2 eigne fagdager.

Hjarteavdelinga hadde fleire internundervisninger om delirium i tillegg til dei oppsette modulane i tilknyting til implementeringsprosessen. I tida etter implementasjonsperioden vart avdelingane følgde tett og nøye opp. Først dagleg, deretter vekentleg og månadleg. Alle avdelingane har eit ope tilbod om undervisning og rettleiing etter behov.

Munnlege tilbakemelding frå avdelingane kan tyda på at CAM er praktisk anvendbart i ein travel sjukehuskvardag. Fleire av avdelingane har fått gode rutinar, og utfører no CAM screening samtidig med andre screeninger under «Trygg Pleie» plattforma.

Sommaren 2020 vil vi gjennomføra ei spørjeundersøking. Helsepersonell som har deltatt inn i screeningprosessen vil få tilsendt eit spørreskjema elektronisk. Spørreskjemaet omfattar spørsmål om CAM, opplevinga av å bruka instrumentet og nytteverdi. Resultata på denne undersøkinga vil guida det vidare arbeidet.

Kurset vart godkjent for utarbeiding i regi av FOU-avdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus hausten 2018. Etter ein omfattande planleggingsfase vart arbeid med kurset starta hausten 2019. Utviklarane til kurset er i hovudsak Irene Instenes, Tone M Norekvål og Leslie Eide i samarbeid med ei tverrfagleg intern arbeidsgruppe ved HUS. Her var representantar frå fleire ulike avdelingar og profesjonar. Ei tverrfagleg ekstern referansegruppe frå ulike helseforetak i regionen kom også med innspel til kurset.

Kurset er tiltenkt helsetilsetje som arbeider med pasientar og skal gi ein basal innføring i tilstanden delirium. Det består av følgjande komponentar: Identifisering og diagnostisering av delirium, moglege konsekvensar, førebygging og behandling og etiske aspekt.
Fleire steder i kurset er der brukt illustrasjonar hjå Nancy Andrews. Andrews er ein amerikansk professor som sjølv har opplevd delirium. I etterkant utvikla ho posttraumatisk stress-syndrom, og illustrasjonane blei hennar måte å få uttrykt dei sterke intrykka.

Kurset blei lansert i læringsportalen til Helse-Bergen i juni 2020 og er tiltenkt alt helsepersonell som har pasientkontakt. Ved å gje dei et slikt verktøy, vil dei kunne identifisera delirium i ein tidleg fase og iverksetje nødvendige tiltak. Slik sikrar vi at pasientane og dei pårørande får den ivaretaking som er ønskjeleg og nødvendig.

Det vil bli mogleg å få tilgang til kurset hjå en ekstern lenke for institusjonar utanfor Helse-Bergen.

Illustrasjon: Nancy Andrews




Les meir om e-læringskurset her:
Innsiden Haukeland Universitetssykehus (intranett)Dagens Medisin
Sist oppdatert 28.07.2022