Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ein studie frå PROCARD Forskingsgruppe

CARDELIR

Eldre mann
 

Delirium in octogenarians undergoing cardiac surgery or intervention(CARDELIR) er på verdsbasis er CARDELIR ein av dei første studiane som undersøkte førekomst, utvikling og konsekvensar av delirium (akutt forvirring) hjå pasientar 80 år og eldre med alvorleg aorta stenose og som vart behandla med tradisjonell hjerteklaffkirurgi (AVR) eller intervensjonsteknikk (TAVI). Prosjekteier for CARDELIR-studien er professor Tone M. Norekvål

Delirium kan finnast i alle aldrar, men eldre pasientar er spesielt utsette. Stadig fleire eldre får tilbod om avansert hjartebehandling som AVR og TAVI , og helsepersonell vil i større grad treffa pasientar som utviklar delirium etter slik behandling. Forsking har vist at delirium hjå dei eldste pasientane er assosierte med uheldige konsekvensar som lågare fysisk og kognitiv funksjon, fleire reinnleggingar i sjukehus og dødelegheit. Auka kunnskap om delirium kan i så måta vera med å bidra til å førebygga tilstanden.

Delirium, også kjent som akutt forvirring, er ein tilstand som blir kjenneteikna av brå og vekslande forstyrringar i merksemd, medvit og kognitiv funksjon. Tilstanden er eit teikn på ein alvorleg underliggande medisinsk tilstand. Fleire årsaker kan medverka til at nokre pasientar er meir utsett for å utvikla delirium enn andre.

Delirium blir klassifisert i tre former; hyperaktiv, hypoaktiv, og blanda. Pasientar med hyperaktivt delirium kan vera uroleg og kan fjerne leidningar, oksygenmaske, urinkatetar eller veneflon. Pasientar med hypoaktiv delirium kan verka distansert og apatisk, og ha vanskar med å halda seg vakne under samtalar. Dei kan òg ha problem med å følgja instruksjonar frå helsepersonell. Dei fleste pasientar vekslar mellom å ha hypo- og hyperaktivt delirium gjennom timar eller dagar, noko som blir kalla for blanda delirium.

I CARDELIR-studien vart det i løpet av ein periode på to år samla inn datamateriale frå pasientar i aldersgruppa 80 år og eldre etter gjennomført AVR og TAVI. Målet med studien er mellom anna å identifisera førekomst av delirium hjå desse pasientane, samt å undersøkje risikofaktorar for utvikling av delirium etter AVR og TAVI. Kartlegging av fysisk og mental funksjon etter gjennomført prosedyre, og undersøke reinnleggingar i sjukehus og dødelegheit er også sentralt i studien.

colourbox - eldre dame med kaffi kopp

Colourbox

Førekomst, risikofaktorar og tidsperspektiv av postoperativt delirium hos pasientar i alder 80+ etter AVR og TAVI

Studien inkluderte 143 pasientar i aldersgruppa 80+. Pasientane vart screena for delirium i fem postoperative dagar med Confusion Assessment Method (CAM). AVR-gruppa viste ein førekomst av delirium på 66%, og i TAVI gruppa 44%. Dette sjølv om pasientane i TAVI gruppa var eldre, hadde lågare kognitiv score ved baseline og fleire tilleggssjukdommar. Pasientar behandla med TAVI og som ikkje utvikla postoperativt delirium etter to dagar, hadde liten risiko for å utvikla tilstanden dei etterfølgande dagane i behandlingsforløpet.


Delirium som ein prediktor på fysisk og kognitiv funksjon hos individ i alder 80+ etter TAVI eller AVR

Denne delstudien viste at dei av pasientane som utvikla postoperativt delirium etter TAVI eller AVR hadde dårlegare kortsiktig instrumentelle aktiviteter i dagliglivet (IADL) funksjon. Likevel viste studien at delirium ikkje førte til ein langsiktig reduksjon i fysisk, mental eller sjølvrapportert helse hjå dei same pasientane.

Les artikkelen

Reinnleggelse og død etter AVR og TAVI

Studien viser at delirium hos pasientar i alder 80+ kan vera ein alvorleg risikofaktor for postoperativ sykelighet og død. Resultata viste ein samanheng mellom reinnleggelse og død hos denne pasientgruppa og hjerterelatert sjukdom og skade.

Les artikkelen

Permanent urinkateter, aortaklaffbehandling og delirium

Studien viser at samanhengen mellom permanent urinkateter og delirium er sterkare hos pasientar i alder 80+ som har gjennomgått TAVI, samanlikna med pasientar som gjennomgjekk AVR. Desse resultata viser ein tidlegare ukjend samanheng mellom talet timar eit permanent urinkateter er inneliggande og postoperativt delirium hjå pasientar behandla med TAVI.

Les artikkelen

Søvn hjå pasientar 80+ etter TAVI eller AVR

Studien viste at pasientar over 80 år som har gjennomgått AVR og TAVI opplevde forstyrringar i sjølvrapportert søvn og insomni, og hadde eit forstyrra søvn-vaken mønster i den postoperative fasen. Studien viste også at pasientane hadde redusert søvn på natta og auka søvn på dagtid, der dei var immobil og sov mest på dagtid, i dei fem første dagane etter operasjon mens dei framleis var innlagt i sjukehus.

Eit nytt skåringsverktøy for skrøpelighet anslår 2-års dødelighet etter transkateter implementasjon av aortaklaff

Studien inkluderte 166 pasienter og viste at hjå pasienter avslått for åpen hjarte kirugi (aorta klaff kirurgi) kan eit geriatrisk måleinstrument, ein 8-element Geriatric Assessment frailty score, identifisera hvilke pasientar som ikkje heller vil ha fordel av transkateter implantasjon av aorta klaff (TAVI).

Pasientar som skåra ≥ 4 på Geriatric Assessment frailty score hadde betydelig høgre 2-års dødelighet. Dette tyder på at Geriatric Assessement frailty score har ein klinisk relevans og kan være et nyttig redskap for hjarte teamet som skal avgjera hvilke pasientar som skal tilbys TAVI.

Les artikkelen
Eldre mann i sykeseng
 

           


Opplevingane til pasientane med postoperativt delirium


Studien viste at pasientar i aldersgruppa 80+ har tydelege erindringer om sine deliriumopplevingar i lang tid etter operasjonen (i opptil 12 månader). Desse erindringane vart som oftast opplevde som uhyggelege og plagsame. Dette er ny informasjon som kan bidra til eit forbetra helsetilbod til denne pasientgruppa.

Les artikkelen

Opplevingane til pasientane av samarbeid med helsepersonell og pårørande når pasientane var i delirisk tilstand

Studien fann at pårørande og helsearbeidarar har ei viktig rolle i rehabiliteringsfasen etter AVR. Ubetenksomme kommentarar kommunisert til eldre pasientar i denne fasen aukar kjensla av ubehag òg i eit langtids perspektiv. Omsorgsfull støtte med fokus på å ta vare på verdigheit og integritet er essensielt i ivaretaking av denne pasientgruppa.

Les artikkelen

Eldre mann med stokk

Colourbox

Tone M Norekvål; Professor i (kardiologisk) sjukepleie, Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet. Leiar for PROCARD Forskingsgruppe, Hjerteavdelingen, Haukeland Universitetssjukehus
Telefon: 55 97 36 49
tone.merete.norekval@helse-bergen.no

Postdoktor:
Leslie SP Eide; Sjukepleiar, Gerontolog, Phd, Førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet
Telefon: 55 58 58 00
Leslie.Sofia.Pareja.Eide@hvl.no

Sist oppdatert 17.01.2023