Ein studie frå PROCARD Forskingsgruppe
BECARES
Patient-reported outcomes in the Bergen Early Cardiac Rehabilitation Study (BECARESPRO ) er ei kontrollert intervensjonsstudie der ein undersøker pasienterfaringar og pasientrapporterte utkomme hjå nær 1000 pasientar med koronar hjartesjukdom som deltek i tidleg hjarterehabilitering og nærare 2000 pasientar i kontrollgruppe.

Vidare blir det undersøkt om desse pasientrapporterte data kan predikera helseutkomme, reinnlegging og død. Vi vil òg undersøka etterleving av behandlings‐ og livsstilsråd, og om dette har tyding for pasientens utkomme. Prosjektleiar er professor Tone M Norekvål.
Sist oppdatert 22.01.2025