Pasienttryggleik
Seksjon for pasienttryggleik utviklar og tar del i implementering av system og verktøy for betre kvalitet og pasienttryggleik i føretaket. Seksjonen har også ansvar for smittevernarbeid og rådgjeving innan antibiotikabruk.
Kontakt
Telefon
- Måndag 09:00 - 15:00
- Tysdag 09:00 - 15:00
- Onsdag 09:00 - 15:00
- Torsdag 09:00 - 15:00
- Fredag 09:00 - 15:00
- Laurdag STENGT
- Søndag STENGT
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Vi held til i U. et.Jørgen Sandbergs hus
Jonas Lies vei 73 (Raudt hus i sykehusparken)
5021 Bergen
Pasientsikkerheit
- Utbrotshandtering, vaksinasjon og pandemi
Utbrot er kostbare for helsetenesta. Dei rammar pasientane, fører til at avdelingar må stengast for nye innleggingar og til auka sjukefråver for personalet. Omfang av utbrot kan reduserast dersom dei blir handtert korrekt og raskt. Høg grad av vaksinasjonsdekning i befolkninga vil ha betyding for omfang av utbrot der ein har tilgjengelege vaksiner. Erfaring og kunnskap frå Covid-19-pandemien må bearbeidast og implementerast i framtidig smittevernarbeid.
- Mikrobiologisk diagnostikk
Innbyggarane i regionen skal vere sikra rask, relevant og kvalitetssikra diagnostikk for smittsame sjukdommar.
- Infeksjonsovervaking
Infeksjonsovervakinga skal styrkast og standardiserast gjennom innsamling og kvalitetssikring av relevante data, epidemiologiske analyser og rapportering av resultat. Helse Vest RHF skal bidra i regional og nasjonal overvaking av helsetenesteassosierte infeksjonar.