Pasientsikkerheit

Seksjon for pasientsikkerheit skal utvikle og bidra ved implementering av system og verktøy i eit kontinuerlig arbeid for å betre pasienttryggleiken. Dette inneber rådgjeving i smittevern og bruk av antibiotika, overvaking av sjukehusinfeksjonar og resistente bakteriar.

Les meir om Pasientsikkerheit

Pasientsikkerheit

Andre system som seksjonen vedlikeheld er EK handbok (retningslinjer og prosedyrar), Synergi (melding av uønska hending) og internrevisjon. Seksjonen har og ansvar for å koordinere regionale kvalitetsprosjekt og pasienttryggleiksprogrammet (I Trygge Hender)  i Helse Bergen.

Seksjonsleiar
Stig Harthug

Kontakt

Oppmøtestad
Vi held til i U. et.
Telefon
55976140 / 55976149
måndag - fredag 09.00-15.00
Jørgen Sandbergs hus
Besøksadresse
Jonas Lies vei 73 (Rødt hus i sykehusparken)(Google maps)
5021 Bergen

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Pasientsikkerheit

  • Smittevern

    Hovedmålet med smittevernarbeid i sjukehus er å redusere risiko for smittespreiing, førekomst av helsetenesteassosierte infeksjonar samt bidra til rett bruk av antibiotika.

  • Antibiotikasenteret

    Nasjonalt kompetansesenter for antibiotikabruk i spesialisthelsetjenesta har ansvar for å sikre nasjonal kompetanseoppbyggjing og kompetansespreiing.

  • Pasienttryggleiksprogram

    Det femårige, nasjonale pasienttryggleiksprogrammet skal redusere pasientskader ved hjelp av målretta tiltak i heile helsetenesta.

Nasjonal kompetansetjeneste for antibiotikabruk i spesialisthelsetjenestenhttps://helse-bergen.no/avdelinger/forskings-og-utviklingsavdelinga/pasientsikkerheit/nasjonal-kompetansetjeneste-for-antibiotikabruk-i-spesialisthelsetjenestenNasjonal kompetansetjeneste for antibiotikabruk i spesialisthelsetjenesten

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.