Helse Vest har vore ein pionér i satsinga på e-læring i spesialisthelsetenesta, og Haukeland universitetssjukehus var det første sjukehuset i Noreg med digital læringsplattform for sine tilsette.
Vi spelar ei sentral rolle regionalt og har eit aktivt samarbeid med helseføretaka i Helse Vest. I tillegg samarbeider vi med kommunal sektor og dei andre Regionale helseføretaka.
Rådgiving
Korleis planlegge og utvikle eit undervisningsopplegg som sikrar ein tenkt læringseffekt?
Team for digital læring tilbyr heilskapleg rådgiving innan opplæring og digital pedagogikk, eksempelvis:
- Korleis utarbeide ein opplæringsstrategi?
- Korleis kartlegge eit opplæringsbehov (didaktisk analyse)?
- Kva læringsform er best egna til mitt undervisningsopplegg og korleis kombinere ulike læringsformer?
- Korleis nytte digitale verktøy for å styrke eit undervisningsopplegg?
Kursutvikling
Ordinær kursutvikling er ei teneste vi tilbyr for utvikling av skreddarsydd e-læring. Utviklingsprosjektet er eit samarbeid mellom Team for digital læring og dei enkelte faggruppene. Vår rolle inneber prosjektleiing, fasilitering, innhaldsutvikling og digital produksjon. Faggruppene har ansvar for å levere det faglege innhaldet.
Kursutviklingsprosessen gjennomførast over ein periode på fire til fem månader.
Søknadsfristen for ordinær kursutvikling er kvart år 5. mai og 5. november.
Kurslab
Kurslab er eit tilbod til faggrupper som ynskjer å utvikle eigne kurs med hjelp og støtte frå oss. I praksis betyr det at faggruppene sjølve har ansvaret for kursutviklingsprosessen. Vår rolle er å legge til rette for den lokale kursproduksjonen. Det inneber opplæring i metode og verktøy, oppfølging og rettleiing undervegs i prosessen.
Kurslab gjennomførast over ein periode på fire til fem månader.
Søknadsfristen for å søke om mulighet for kursutvikling er kvart år 5. mai og 5. november.
«Kursbyggeren»
«Kursbyggeren» eit webbasert forfattarverktøy for utvikling av e-læringskurs. Verktøyet er utvikla og drifta av Helse Vest IKT, men har sitt utspring i Team for digital læring, der utviklinga starta tilbake i 2009.
I 2020 blir verktøyet tilgjengelig for dei andre regionale helseføretaka, som del av eit styrka nasjonalt samarbeid om digitale læringsressursar.
Kontakt oss dersom du har spørsmål, eller vil vite meir om forfattarverktøyet:
kursbyggeren@helse-vest.no
Læringsportalen
Læringsportalen er Helse Vest sin kursportal for e-lærings-og klasseromskurs. Portalen er for tilsette, studentar, pasientar og eksterne samarbeidspartnarar.
Team for digital læring er ansvarleg for utvikling og vedlikehald av kursportefølja. Vi er også kontaktpunkt for spørsmål knytt til dagleg drift.
Læringsportalen.no
Kompetanseportalen
Kompetanseportalen er eit verktøy som bidreg til å standardisere opplæring for medarbeidarar og sikre dokumentasjon av kompetanse. Leiarar / fagansvarlege får dermed ei betre oversikt over kompetansen til medarbeidarar.
Vi kan mellom anna hjelpe med:
- Kompetanseplanar
- Læringsmålplanar
- CV
- Medarbeidarsamtalen
- Roller
Kontakt oss
Leder for Team for digital læring
Frode Sirhaug
Læringsportalen
laeringsportalen@helse-vest.no
Kompetanseportalen
kompetanseportalen@helse-bergen.no