Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Myelomatose

Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.

21.
oktober
2025
2 dagar
  1. 21. okt. 2025, 10:00 - 15:00
  2. 22. okt. 2025, 10:00 - 15:00

Tid og stad

Når

  1. 21. okt. 2025, 10:00 - 15:00
  2. 22. okt. 2025, 10:00 - 15:00

Type arrangement

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende

Arrangør

Læringstilbodet er utviklet av Avdeling for blodsjukdommar Haukeland universitetssjukehus og Blodkreftforeningen, i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret i Bergen.

Kvar

Vardesenteret
Ibsens gate 118
5052 Bergen
Inngang fra Ibsens gate og fra baksiden av Haukeland Pasienthotell.

Påmelding 

For å delta treng du tilvising frå lege. Det kan vere din fastlege eller lege på sjukehuset.

Denne kan sendast elektronisk til Medisinsk klinikk, avdeling for blodsjukdommar. Merk tilvising med pasientopplæring.

Du får stadfesting på plass

Ver vennleg å meld frå om pårørande også deltek, og om spesielle behov. 
Meld frå til fastlegen ved behov for sjukmelding. Pårørande treng ikkje eiga tilvising.

 

Målgruppe

Kurs for personar med myelomatose og deira pårørande. 

Kostnadar

Eigendel etter gjeldande takstar. Gratis ved frikort, og gratis for pårørande. Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort. 

Servering

Kaffi, te og ein enkel lunsj er inkludert.

Påmelding

Sjå under tilvising.

Innlegg ved

Lege, sjukepleiar, fysioterapeut, klinisk ernæringsfysiolog og brukermedverkar. 

Parkering

Det er parkering mot betaling ved Haukeland universitetssjukehus ved Sentralblokka og ved pasienthotellet.

Nyttige lenkjer

Korleis er det å vere kursdeltakar

Benmargskreft (myelomatose) - Helsenorge

Blodkreftforeningen - Forsiden

Kontakt