Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Matallergi kurs

Målet med kurset er å gi deg kunnskap, samt faglege og praktiske råd om å leve med matallergi.

26.
mai
2025
  1. 26. mai 2025, 09:00 - 15:00

Tid og stad

Når

  1. 26. mai 2025, 09:00 - 15:00

Arrangør

Kurset er eit samarbeid mellom Yrkesmedisinsk avdeling og Lærings- og meistringssenteret.

Kvar

Lærings- og meistringssenteret, Ulriksdal helsepark, 4.etg
Ulriksdal 2
5021 Bergen

Påmelding 

Det er behov for tilvising frå lege for å delta.

Denne kan sendast elektronisk til Yrkesmedisinsk avdeling.

Meld frå om spesielle behov, og om pårørande deltek.

Merk tilvisingen med pasientopplæring.

Målgruppe

For deg som:
- Har matallergi eller er føresett til barn med matallergi
- Ønskjer å lære meir om matallergi
- Ønskjer å treffe fagfolk.
- Møte andre i same situasjon og dele erfaringar.

Kursinnhold

· Kva er matallergi, utgreiing og behandling

· Korleis erstatte viktige næringsmiddel ved diett

· Allergimerking og spormengder av matvarer

· Korleis er det å ha matallergi/ ha barn med matallergi

· Avgrensingar og sosiale konsekvensar ved matallergi

· Allergihygiene

· Beredskap og forholdsreglar i barnehage og skular

· Behandling av alvorleg allergisk reaksjon

· Det vil og bli god mogleg å utveksle erfaringar og stille spørsmål.

Innlegg ved

Lege, sjukepleiar, ernæringsfysiolog og brukarmedverkar. 

Kostnadar

Eigendel etter gjeldande takstar. Gratis ved frikort, og gratis for pårørande. Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort.

Servering 

Kaffi, te og ein enkel lunsj er inkludert.

Påmelding 

Sjå under tilvising.

Parkering

Det er parkering i Ulriksdal helsepark og i parkeringsanlegget ved Haraldsplass diakonale sykehus.

Annen informasjon

Korleis er det å vere kursdeltakar

Hva er forskjellen på matallergi og matintoleranse? - Helsenorge

Hjemmeside | NAAF

Kontakt