Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Kjønnsinkongruens

Informasjon om kjønnsinkongruens og offentlege behandlingstiltak i regionen og i Noreg. Tips og moglegheit til å forsøke aktivitetar, øvingar og dialog som kan auke trivsel, tid saman med andre i liknande situasjon.

6.
mars
2025
2 dagar
  1. 06. mars 2025, 09:00 - 15:30
  2. 07. mars 2025, 09:00 - 14:15

Tid og stad

Når

  1. 06. mars 2025, 09:00 - 15:30
  2. 07. mars 2025, 09:00 - 14:15

Arrangør

Kurset er utvikla av Regionalt senter for kjønnsinkongruens, Regionale Kompetansenettverket i Helseregion Vest, Energisenteret i BUK, Fysioterapiavd. i BUK, Psykomotorisk fysioterapeut Anne Berle, Sexolog i Helse Førde, Statped. og interesseorganisasjonene FRI, Skeiv verden og Skeiv ungdom med Lærings-og mestringssenteret i Bergen

Kvar

Barne og ungdomsklikken

Ungdommen må vere pasient ved Regionalt Senter for Kjønnsinkongruens Vest (RSKI Vest). Påmelding via kontor om du allereie er pasient hjå oss. 

Tilvising til RSKI Vest/kurs via fastlege for nye pasientar.

Påmeldingsfrist er 14 dagar før kursstart. Meld frå om antall føresette som deltek. Hugs å melde frå om spesielle behov. Du får ei stadfesting om tildelt plass. 

Målgruppe

Ungdom med kjønnsinkongruens og deira føresette.

Kostnadar

Gratis for pårørande til barn under 16 år. Over 16 år: Eigendel etter gjeldande takstar pr. barn. Gratis ved frikort. Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort. Refusjon for reise og overnatting etter gjeldande reglar. 

Innlegg ved

Lege, sexolog, psykolog, logoped, psykomotorisk fysioterapeutar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, brukerrepresentantar og brukerorganisasjonar.

Servering

Kaffi, te og ein enkel lunsj er inkludert.

Parkering

Det er parkering mot betaling i Ulriksdal Helsepark, parkeringanlegg på motsatt side av vegen eller ved Haraldsplass diakonale sykehus.

Korleis er det å vere kursdeltakar

Kjønnsinkongruens - Helsenorge

Kontakt

Andre datoar

  1. 23.
    oktober
    2025
    2 dagar
    Kjønnsinkongruens