Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Mestring av synstap

Kunnskap gir auka tryggleik og meistring i kvardagen. På kurset får du moglegheiter for dialog med fagpersoner, og treffe andre som er i same situasjon som deg sjølv. Du kan også slå av ein prat med likeperson frå Norges Blindeforbund og Glaukomforeninga som er tilstades på kursdagen. Du kan gjerne ta med deg følge på kurset, skriv det i påmeldinga om det er aktuelt.

Tid og stad

Når

Kurset går over ein dag Dato 2025 kjem Tid kl. 09.00 - 15.00

Type arrangement

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende

Arrangør

Augeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus, Norges Blindeforbund, Syns- og audiopedagogisk senter Hordaland i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret i Bergen

Kvar

Lærings- og meistringssenteret
Lærings og mestringssenteret Ulriksdal helsepark 4. etg. Ulriksdal 2

Påmelding 

Det er behov for tilvising frå lege for å delta.

Denne kan sendast elektronisk til Augeavdelinga.

Meld frå om spesielle behov og om pårørande deltar.

Merk tilvisinga med pasientopplæring.

Du får skriftleg stadfesting om plass.

Er du allereie pasient ved Augeavdelinga kan du melde deg på kurset i 
Augeavdelinga sin resepsjon, eller ta kontakt på telefon 55 97 41 00. 

 

Målgruppe

Kurset er for pasientar med synstap og deira pårørande.

Kostnad

Eigendel etter gjeldande takstar. Gratis ved frikort, og gratis for pårørande. Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort.

Servering 

Kaffi, te og ein enkel lunsj er inkludert.

Påmelding

Sjå under tilvisning.

Innlegg ved 

Lege, sjukepleiar, klinisk ernæringsfysiolog 

Presentasjonar

Å leve med grøn stær (PDF)

LMS kursinformasjon (PDF)

Parkering

Det er parkering i Ulriksdal helsepark og i parkeringsanlegget ved Haraldsplass Diakonale Sykehus

Spørsmål?

Kontakt gjerne teamsekretær Paulina Jureczjo telefon 55974100, eller rådgivar Mona Nordvik telefon 55978072

Kontakt

Relevante behandlingar