Kompetansesenteret skal
- stimulere til og rettleie innanfor forskinga i helseføretaka
- bidra til kvalitetssikring av forskinga ved dei kliniske avdelingane
- vere eit bindeledd mot dei høgskole- og universitetsbaserte forskingsmiljøa
- skal ha initierande og koordinerande ansvar for nettverksfunksjonane i det regionale helseføretaket
Forskingsmetode og statistikk
Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking (KKF) tilbyr rådgiving til medisinske og helsefaglege forskingsprosjekt i Helse Vest.
Vi kan tilby:
Bergen Biostatistics Seminars
Skal du forske?
Send oss ein e-post for ein avtale om statistisk rådgiving. Vi jobbar med prosjekta på langsiktig basis og ber om at ein tar kontakt allereie i planleggingsfasen av prosjekta. Vi har dessverre ikkje kapasitet til å svare på lausrivne førespurnadar.
Hugs å legge ved ei beskriving av forskingsprosjektet ditt.
Vi minnar om at alle forskingsprosjekt skal godkjennast av Regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK) før oppstart, jf. helseforskingslova 1. juli 2009.
Det regionale samarbeidsorganet
Samarbeidsorganet mellom Helse Vest og universiteta i Bergen og Stavanger har ein rådgivande funksjon i saker som gjeld forsking og utdanning.
Sjå meir på nettsidene deiraForskingsstrategi
Haukeland universitetssjukehus skal styrke posisjonen som eit av dei leiande helseføretaka innan forsking og innovasjon for å sikre:
- Trygge og nære sjukehustenester
- Heilskapleg behandling og effektiv ressursbruk
- Ein framtidsretta kompetanseorganisasjon
Sjå heile forskingsstrategien for Helse BergenForskingshandboka
Forskningshandboka (8. utgåve i 2019) er laga for å gje tips og rettleiing til sjukehuspersonell, helsefaglege og biomedisinske forskarar som har ein idé det ønsker å omsette i eit forskingsprosjekt med høg kvalitet.
Mange av tipsa er basert på forfattaranes eigne erfaringar innan både basalforsking og klinisk forsking ved sjukehus.
Boka kan tilpassast den enkelte klinikk, sjukehus og forskingsinstitusjon, og gjer i denne versjonen ofte lokale tips frå Oslo universitetssykehus og Haukeland universitetssjukehus.
Forskingshandboka
Visjon
Kompetansesenteret skal bidra til at føretaka i Helse Vest oppnår sitt forskingsstrategiske mål ved å synleggjere og betre rammene for forsking som ein integrert del av den kliniske verksemda, og gi rettleiing til kliniske forskarar i Helse Vest.